Har du innspel til handlingsprogrammet 2019?

Sportsperson.jpg - Klikk for stort bilete Det er tid for rullering/endring av handlingsprogrammet i kommunedelplan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet. Alle som ønskjer å søkje om spelemidlar, må ha anlegget liggande i handlingsprogrammet i denne delplanen.

Frist for innspel er 20. august 2018  

Kva betyr rullering av handlingsprogrammet? 
Kommunedelplanen inneheld eit handlingsprogram som blir rullert årleg. Handlingsprogrammet gjev mellom anna ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget ligg inne i handlingsprogrammet. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov og prioriteringar av anlegg som kan løyse ut spelemidlar. 

For meir informasjon:

 

Frist for innspel til handlingsprogrammet er 20. august 2018.

 

Skriftleg innspel sendast til:
post@selje.kommune.no eller per post til Selje kommune, 6740 Selje

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 26.06.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering