Offentleg ettersyn av forslag til kommunedelplan for kulturarven i Selje kommune 2019-2029

Selja Kloster - solnedgang (Bickfoto v/ Thomas Bickhardt) - Klikk for stort bilete Bickfoto v/ Thomas Bickhardt Varsel om offentleg ettersyn av forslag til kommunedelplan for kulturarven i Selje kommune 2019-2029.

Selje formannskap vedtok i møte 8. mai 2019, F-sak 73/19,  å legge forslag til kommunedelplan for kulturarven i Selje ut til offentleg ettersyn.


Formålet med kulturarvplanen er å synleggjere dei kulturminna vi har i kommunen og gje dei merksemd slik at alle i Selje kan få litt meir kunnskap om historia kulturarven fortel oss. Planen viser også korleis ein kan arbeide vidare med å kartlegge, synleggjere og sikre kulturminna – dette omhandlar både fysiske kulturminne, kulturlandskap og den immaterielle kulturarven. Planen har også ein handlingsdel i kap. 6 som viser kva ein vil prioritere dei første 4 åra av planperioden.


Forslag til plan vert no lagt ut til offentleg ettersyn. (PDF, 6 MB) Formålet med offentleg ettersyn er at du, offentlege organ, interesseorganisasjonar og andre skal ha høve til å uttale seg om innhaldet og prioriteringar i planen. Du har no høve til å påverke planen ved å komme med dine innspel.  Merk eventuelle innspel med «innspel til kulturarven i Selje kommune».


Når høyringsfristen er ute, vil innkomne uttaler blir samanfatta og vurderte før saka vert handsama av Selje kommunestyre.


Frist for å kome med uttale er sett til fredag 16. august 2019.

Sist endra 21.05.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering