Stadanalyse for Leikanger

Leikanger.jpg - Klikk for stort bilete Martin Hamre Alle stader har sin eigen karakter (særpreg og eigenart), forma av historia, naturen, kulturen og folket. I landskapet ligg mykje av identiteten og styrken til staden.

Det er høve til å kome med innspel til analysen t.o.m 23.04.2019 og den skal fastsetjast av formannskap og kommunestyre i mai. Saman med innspel frå folkemøte 18.03.2019, utgjer stadanalysen kunnskapsgrunnlaget for ny sentrumsplan for Leikanger. Innspel kan du sende til post@selje.kommune.no

Her kan du lese stadanalyse for Leikanger (PDF, 10 MB)

Ei stadanalyse er systematisering av kunnskap for å forstå staden sin historie, situasjon og framtidsmoglegheiter. Den historiske utviklinga av staden gir grunnlaget for å binde saman fortid, notid og framtid, og å finne verdiar og kvalitetar ved staden som vi kan bygge vidare på, og forsterke.

Stadanalysen er utført av Nordplan as i nært samarbeid med Selje kommune. Arbeidet er utført i perioden august 2018 til januar 2019.
 

Sist endra 13.08.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering