Strategisk næringsplan for Selje og Eid - Høyring

hammer-719066_960_720.jpg - Klikk for stort bilete Utkastet til strategisk næringsplan for Selje og Eid 2018-2022 (PDF, 2 MB)er no ute på høyring.
Har du innspel til strategidokumentet? Send det på e-post til post@selje.kommune.no.
Frist for å kome med innspel er 29.mai 2018.

Felles plan for næringsutvikling

Selje og Eid kommunar og tettstaden Bryggja med krinsane Totland, Brygga og Maurstad blir frå 1. januar 2020 Stad kommune. Kommunane har i samarbeid med Fellesnemnd for Selje og Eid utarbeidd eit utkast til felles strategisk næringsplan, og arbeidet må  sjåast i samanheng med det arbeidet som kommunane no gjer med å bygge den nye kommunen. Den strategiske næringsplanen er meint å gje retning for det felles kommunale næringsutviklingsarbeidet i tida fram mot 1. januar 2020.

Næringsplanen skal på sikt inngå i ein større kommunedelplan for strategisk utvikling av Selje og Eid kommunar, der bu-, besøks- og næringsattraktivitet er tema.

Mål og strategiar

Følgjande mål er sett for kommunane sitt næringsutviklingsarbeid: «Kommunane Selje og Eidskal vere ein aktiv samfunnsutviklar som legge til rette for utvikling av eksisterande næringsliv og for nyetableringar,  slik at næringslivet oppnår forventa  auke i lokal sysselsetting».

Fem strategiar er valde ut for å gje retning til Selje og Eid, og seinare Stad kommune si næringsutviklar-rolle:

1)            Vi skal arbeide for auka næringsattraktivitet og bulyst

2)            Vi støttar og skal arbeide for ei regionførstørring

3)            Vi skapar og satsar i lag

4)            Vi skal satse på eit berekraftig reiseliv

5)            Vi støttar grøn næringsutvikling

 

Som tillegg til strategidokumentet ligg eit kunnskapsgrunnlag (PDF, 4 MB) utarbeidd i perioden januar – mars 2018. Dette kunnskapsgrunnlaget har saman med Intensjonsavtale for nye Selje/Eid kommune (PDF, 654 kB) vore sentralt ved val av strategiar og prioriterte arbeidsoppgåver for kommunalt næringsutviklingsarbeid i tida framover.  Kommunane har av omsyn til den omfattande prosessen med kommunesamanslåing valt å avgrense seg til fem strategiar/prioriterte satsingsområde.

Sentrale dokument

Utkastet til strategisk næringsplan (PDF, 2 MB)

Kunnskapsgrunnlag - næringsanalyse (PDF, 4 MB)

Styringsdokument for Fellesnemnd for Selje og Eid (PDF, 852 kB)

Intensjonsavtale for nye Selje/Eid kommune (PDF, 654 kB)

Vedtekter kommunalt næringsfond (PDF, 266 kB)

Sist endra 07.05.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering