Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Nordfjordrådet

Nordfjordrådet
Nordfjordrådet

Nordfjordrådet vart formelt skipa i 1994. Nordfjordrådet er eit interkommunalt råd der kommunane Bremanger, Eid, Gloppen, Hornindal, Selje, Stryn og Vågsøy deltek.

Rådet er oppretta med heimel i Kommunelova sin §27, nr. 1.

Nordfjordrådet skal vere ein interesseorganisasjon for alle dei deltakande kommunane på alle område og alle plan, og skal dessutan vere eit organ for løysing av felles spørsmål og oppgåver for dei same kommunane. Rådet sitt mynde i einskildsaker er fastsett i eige delegasjonsreglement.

Kommunestyret i den einskilde kommunen gjer vedtak om innmelding i Nordfjordrådet og godtek med det vedtektene for rådet.

Dersom ein kommune ønskjer å gå ut av Nordfjordrådet, må kommunestyret gjere vedtak om dette. Kommunen går då ut av Nordfjordrådet etter 6 mnd. varsel.

Dei til ei kvar tid fungerande ordførarane i dei deltakande kommunane utgjer medlemene av Nordfjordrådet. Varaordførarane er personlege varamedlemer for sine ordførarar.

Nordfjordrådet vel mellom medlemene sine ein rådsordførar og ein vararådsordførar. Valperioden for desse fylgjer ordførarvalsperioden i kommunane. Avgåande rådsordførar kallar inn til konstituerande møte ved kvar slik valperiodestart.

Administrasjonssjefane i medlemskommunane har møte- og talerett i rådet.

Du finn ei oversikt over leiinga i Nordfjordrådet i inneverande periode under.

Nordfjordrådet
Nordfjordrådet
Tittel Namn Kommune Telefon
Sekretær Sigmund VereideGloppen90070848
Nestleiar Karl Vidar FørdeBremanger57796300
Leiar Anne Britt NygårdHornindal57879802
     
Validator
Levert av ACOS AS
Selje kommune | 6740 Selje | 57 85 85 00 | post@selje.kommune.no
Login for redigering