Ervik

Tunnelkonsert 1 - Klikk for stort bilete

 

Inni ei vik ytst på Stadlandet som strekkjer seg som ein knyttneve ut i storhavet, finn du bygda Ervik. Bygda er lita, men rommer mykje, både av historie og aktivitetar i notida. Her finn du ei flott sandstrand, ei av dei beste surfestrendene i Noreg. Tett attmed stranda finn vi den særprega kyrkjegarden og minnekapellet over ulukka med St. Svithun hausten 1943, der ervikarane risikerte livet for å redde passasjerane etter at båten vart angripen og senka av allierte jagarfly.Her i Ervik finn du og den dramatiske krigshistoria med festningsanlegg i Hovden og minnekapell over russarar og ukrainarar som døydde i den tyske fangeleiren.

Kontrastane er store. I dag finn du både det største linebåtrederiet i Noreg og store, veldrivne gardar. Du finn og ein italienar som lagar ost og eit gamalt eldhus der du får servert eit måltid med smak av lyngheiene på Stad, slik som berre kortreist mat kan gje deg.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering