Selje kloster og helgenanlegg

Blomar i klosteret - Klikk for stort bilete

Helgenstad, bispesete og kloster.

Den eldste kyrkjestaden i Noreg ligg på øya Selja ytst i Nordfjord, med Stadhalvøya, Dragseidet og storhavet som næraste nabo. Her finn du staden der Olav Tryggvason steig i land og let byggje den første kyrkja i Noreg for meir enn tusen år sidan og der Sankta Sunniva vart den første helgenen. Denne hendinga la grunnlaget for det eldste pilegrimsmålet i Noreg og for bygginga av Selje kloster og helgenanlegg, som er det nest største i landet vårt . Her vert det feira Seljumannamesse 8. juli kvart år til minne om dei irske munkane,    heilagmennene, som gjekk i land på Kinn og på Selja.

Her ute kan du gå rundt i spennande mellomalderhistorie og du kan oppleve ein fin båttur med guida turar ut til øya. Ingen kan gå derifrå utan at litt av historiesusen og naturopplevinga har festa seg i minnet.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering