Vestkapp

Verradar - Klikk for stort bilete

496 meter over Stadhavet, på fjellplatået Kjerringa, ligg vakre Vestkapp som er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Vestkapp er et turistmål med flat vidde, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt i alle himmelretningar. På godvêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. 

Vestkapp er eit av dei mest spektakulære utsiktpunkta på kysten av Norge. Fjellklippa er nesten flat på toppen og stuper bratt ned i havet. Vestkapp er et turistmål med flat vidde, bratte skrentar og imponerande panoramautsikt i alle himmelretningar. På godvêrsdagar har ein panoramautsikt i alle himmelretningar, til Sunnmørsalpane, Hornelen, Ålfotbreen og det frykta Stadhavet. 

På Vestkapp finn du det verste og beste vêret, den beste utsikta og ei unik historie med særprega kulturtradisjonar. Vestkapp gir deg ekstreme opplevingar i behagelege omgjevnader.

Området er kjent for skiftande vêr, frå speilblankt hav til storm og orkan. I løpet av kort tid kan tåke legge seg over Kjerringa og Vestkapp. Sjøvegen rundt Stad og Vestkapp er berykta for sine straumar og raskt skiftande vêr. Mange skip har enda ferda si i desse farvatna, som omtalast som eit av dei mest vêrharde områdane i Norge.

På dei få kilometerane frå Sildegapet i sør til Ervik i nord er det lokalisert heile 58 skipsvrak.

På Vestkapp står også Radar Stad, ein av Meteorologisk institutts vêrradarer. Den ble ferdig i oktober 2009 og er reist som ei stor, kvit kule på eit tårn av stein. Vèrradaren er blitt eit smykketårn i naturstein, stein som er funnen i Selje kommune og mest av den på Stadlandet.

Å gå på fjelltur på Stadhalvøya er ei spesiell oppleving fordi ein har utsyn mot det mektige storhavet samstundes som ein er høgt til fjells.

På kafeen (opnar 27.07.2018) kan gjestar kjøpe seg noko å bite i medan ein nyt utsikta frå panoramavindauga.

Vegen opp til Vestkapp er smal, og det er ikkje bompengar på vegen. Vegen til utsiktsplatået er stengt om vinteren, men om veret er bra kan du gå frå FV633 (3 km.)

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering