Klosterbåten sommar 2019

Klosterbåten 2018.jpg - Klikk for stort bilete Frå 24. juni til 11. august har klosterbåten daglege avgangar frå hamna i Selje sentrum kl. 11.00 og 13.15, med retur frå klosteret kl. 12.45 og kl 15.00. Det er ikkje nødvendig å reservere plass på disse båtene, då alle som vil, skal kunne besøke klosteret. Møt opp på kaia med Sunnivastatuen ca. 10-15 min før avgang. Om det ikkje er plass til alle på oppsatte ruter, vil båten gå to gangar. Meir informasjon her.

Rutene som går i sommer kl. 11.00 og 13.15 er inkluderer guiding i klosteranlegget. Klosterbåten går direkte til klosteranlegget. Om ein ikkje ønskjer å følgje guiden, er det lov å vandre på eiga hand. Turen har ei ramme på ca. to timar.

Pris tur/retur er 400,- per vaksen | Barn (4-12år) 150,- og under 4 år gratis.
Guiden vil ta betaling for billettane før avgang og det er mogeleg å betale med kort/kontant.

 

Ruter utanom fastsatte tider:

Ekstraturar utanom dei faste avgangane kan avtalast/bestillast hos turistinformasjonen.

404 46 011 eller turistinfo@selje.kommune.no

Lågast pris på ekstratur (under 10 personar) er 3000,- til klosteret og 2000,- til Bø.

 

Det er òg mogeleg med taxitur frå Selje sentrum til Bø. tur/retur (inntil 8 personar) 1200,-.
Taxiturane er ikkje med klosterbåten, men ein mindre båt.
For bestilling av taxiturer, ta kontakt med 990 46 022.

 

Alle grupper med 10+ personar må bestille/reservere eigen båt.
Pris etter avtale og gruppene får òg med guide på turen.
Ta kontakt på e-post siwfure@gmail.com

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 24.04.2019
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering