Turtips

Kulturminne i Selje kommune

Fotograf: B. Fløde
fotograf B. Fløde

Selje kommune er rikt på kulturminne, og nokon av kulturminna er av stor regional og nasjonal verdi. Fyrtårnet mellom kulturminna i kommunen, er Selje kloster og helgenanlegg. Det er det einaste klosteret som både var helgenstad, kloster og bispesete. Det er det største og best bevarde klosterruinanlegget i landet. Tusenvis av menneske vitjar årleg denne staden. Riksantikvaren har dette ruinanlegget som eit av dei høgaste prioriterte i sitt nasjonale ruinprosjekt. Dette kulturminnet er omtala andre stadar i portalen.

På bildet ser vi ned på delar av eit anna viktig kulturminne: Kongevegen over Manseidet. 

Selje har mange store og små kulturminne frå ulike tidsbolkar. Selje er ei kystkommune, og kulturminna ber preg av dette: mange sjøbuder og naust fortel om viktige næringsvegar i svunne tider. Døme på arbeid med kulturminna er den fråflytta fiskargarden Årdalen -- nærast som eit levande museum å rekne. På nordsida av Stadhalvøya ligg eit gamalt fiskemottak.....i nærleiken av ein gamal hermetikkfabrikk og ei bødkerbedrift.

På Stad er også minner frå 2. verdskrig, eit  av dei er tunnelen på Hovden ...som no er pussa opp og blir nytta til konsertar og andre meir positive tiltak enn det opprinnelege.

 

 

Publisert av Bård Fløde. Sist endra 20.01.2012
TURISTINFORMASJONEN

Kontaktinformasjon

Opplev Selje
Sunnivahuset Kommunehuset
6740 Selje
E-post : turistinfo@selje.kommune.no
Telefon
: 40446011

Faks
: 57858501

Galleri

Fotograf: B. Fløde
Leikong 1. mai
B. Fløde
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering