Kunsten og kulturen

Kunstnarar vert fasinert av den mektige og varierte naturen - veret --- og også lyset -- her uti havgapet. Havet så langt vest gjev eit ekstra lys -eit lys vi ikkje får oppleve andre stadar. Mange kunstnarar hentar inspirasjon til kunsten sin her ute i vest. Også kulturhistoria og det særmerkte kulturlandskapet gjev inspirasjon til kunstnarar og brukskunstnarar. Dette gjeld både lokale og tilreisande kunstnarar -og kunstnarar med ulike uttrykk.

 Selje kommune har eit rikt kulturliv -særleg innan det frivillege kulturlivet. Vi har fleire kor og orkester, vi har lag og organisasjonar som driv med verdfulle kulturaktivitetar. Her er også ungdomslag som driv leikarringar og amatørteater, fleire korps kring i bygdene, husflidslag og velforeiningar. Vi har fleire idrettslag i kommunen som gjev tilbod for ulike aldersgrupper.

 Selje kommune har kulturskule, bibliotek og driv aktivt arbeid opp mot ungdommen og helsefremjande tiltak for alle aldersgrupper.

Fem store kulturarrangement blir sett opp årleg eller annankvart år. Dette er Dragseidspelet "På Sverdeggja",Seljumannamesse, Stadlandet Rett Vest (turløp) og Selje Cup (fotballturnering for aldersbestemte grupper).

Lag og Organisasjonar

Klikkar du på bildet, opnar du eit bildegalleri som presenterer litt av kunst- og kulturalktiviteten i Selje kommune.

Frå amatørteater i Stadlandet Ungdomslag | Fotograf: B. Fløde Ny ballbinge på Flatraket | Fotograf: B. Fløde Barneleikarring i Stadlandet Ungdomslag Fløytekunstnaren | Fotograf: B. Fløde Lokal kunstnar | Fotograf: B. Fløde Frå framføringa av Bolkerevyen på Selje skule | Fotograf: B. Fløde Frå eit samansett underhaldningsprogram med Stadlandet Ungdomslag i 2009 | Fotograf: B. Fløde Lokal kunstnar | Fotograf: B. Fløde Frå framføringa av Draumeskipet under Sunnivafestspela --på Erviksanden 2009 | Fotograf: B. Fløde Kulturformidlarar frå bygda møter elevar på Stadlandet Oppvekstsenter | Fotograf: B. Fløde Grunnskule-elevar møter forfattar på biblioteket i Selje | Fotograf: B. Fløde Bildet frå tunet i Galleri Amdam | Fotograf: B. Fløde Gjestekunstnar i Galleri Amdam | Fotograf: B. Fløde Kulturskule-elev underheld på huskonsert i Selje | Fotograf: B. Fløde Kjerringa Husflidslag er ein viktig kultur- og tradisjonsberar | Fotograf: B. Fløde Kystgeita er ein viktig kulturfaktor i kommunen. | Fotograf: B. Fløde Ordføraren | Fotograf: B. Fldøe Ein lokal kunstnar i Seljebygda | Fotograf: B. Fløde Lokal kunstnar | Fotograf: B. Fløde Frå urframføringa på Selja | Fotograf: B. Fløde Den eminente organisten vår | Fotograf: B. Fløde Frå framføringa av friluftsspelet 2009 | Fotograf: Lasse Fløde Frå framføringa i 2009 | Fotograf: Lasse Fløde Frå framføringa 2009 | Fotograf: B. Fløde Borna i Selje barnehage øver til 17. mai. | Fotograf: B. Fløde Frå jubileum i Stadlandet Skulemusikk. | Fotograf: B. Fløde Førebuingar til framføringa av På Sverdeggja 2009. | Fotograf: B. Fløde Frå ei framføring med born i Stadlandet Grendahus | Fotograf: B. Fløde Lokal kunstnar | Fotograf: B. Fløde Frå konserten i tunnelen på Hovden i ERvik under Kulturnatta 2008. | Fotograf: B. Fløde Lokal UKM-kunstnar | Fotograf: B. Fløde Artist frå Selje kommune under fylkesmønstring i UKM (Ungdommens Kulturmønstring) | Fotograf: B. Fløde Unge Selje-kunstnarar monterer kunstverk under fylkesmønstring i Førehuset. | Fotograf: B. Fløde Bilde av lokal kunstnar under UKM | Fotograf: B. Fløde Frå Vikingtunet på Dragseidet -- arenaen for Drageidspelet På Sverdeggja. | Fotograf: B. Fløde
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering