Fotograf: B. Fløde
Selja blir eit sentralt pilgrims-senter i kystpilgrimsleia fotograf B. Fløde
Link

Opplev pilegrimsstaden Selje

 

Selja er Noregs første kristne heilagstad. Kloster- og helgenanlegget (PDF, 392 kB) på Selja har sidan 1000-talet vore helgenmål og stoppestad for pilegrimar på veg til Nidaros. Regjeringa vil styrkje pilegrimsaktiviteten og Selje arbeider for å få fram kysten si rolle i pilegrimstradisjonen.

(PDF, 2 MB)

Fleire tiltak og prosjekt er i gang. Målet er å etablere eit regionalt kystpilegrimssenter i Selje.  I 2010 inviterte vi i Selje til kystpilegrimskonferanse i slutten av april. Pilegrimsvandring i forkant av Seljumannamessa fyrst i juli har vorte tradisjon. I 2010 blei denne vandringa supplert med vandring langs den planlagde Sunnivaleia frå Kinn til Selje. Fleire pilegrimsruter langs kysten og frå aust til vest er under utvikling.

Meir enn 7000 registrerte besøkjande kjem til Selja årleg, og vi har kyrkjelege og kulturelle aktivitetar knytt til kloster- og helgenlegget gjennom heile året. Kultur- og naturverdiane i Selje forvaltast og foredlast til beste for heile landet. Dei siste to åra har kloster- og helgenanlegget på Selja vore ein prioritert del av Riksantikvarens store ruinprosjekt. Aktiv skjøtsel, konservering av kulturlandskap og kloster- og helgenanlegget samt dokumentasjon er viktige stikkord. Denne satsinga, med ei økonomisk ramme på meir enn 10 millionar kroner, er avgjerande for at vi kan satse på å vidareutvikle Selja som pilegrimsmål. Også Sogn og Fjordane fylkeskommune og Selje kommune bidreg med midlar og andre ressursar til dette nasjonale kulturminneprosjektet.

For meir informasjon

Selja - Noregs første kristne heilagstad, fagartikkel (PDF, 72 kB) av middelalderarkeolog Alf Tore Hommedal, Bergen museum

Sunnivaleia - ei pilegrimsvandring over sjø og land foldar (PDF, 407 kB) utarbeidd av Selja og Stad for prosjekt Sunnivaleia

Pilegrimsmotivet og kystleia sett i nasjonal samanheng, Brev til Statsråd Trond Giske (PDF, 2 MB) (side 2 (PDF, 215 kB)) frå ordførar Gunn V. Helgesen 

Publisert av Heidi Rognes. Sist endra 30.06.2011
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering