Prøvevandring i Sunnivaleia - pilegrimslei over sjø og land

Pilegrimar på Kinn - Klikk for stort bilete

I veka fram mot Seljumannamesse i Selje søndag 4. juli vil 15 personar prøvevandre Sunnivaleia - ei pilegrimslei frå Kinn til Selje. Sunnivaleia er under utvikling. Pilegrimsleia tar utgangspunkt i legenda om Sta. Sunniva og Seljumennene. Selje er Noregs nest største kloster og helgenanlegg og det viktigaste pilegrimsmål i Noreg, nest etter Nidaros og Olav den Heilage. Pilegrimane kjem fram til Selje 3. juli og vil delta på Seljumannamesse 4. juli.

 

 

Selje kloster og helgenanlegg med Sunnivahelleren oppe i skråninga - Klikk for stort bilete Sokneprest i Selje Kari Leine Balog viser veg inn i Sunnivahelleren på Selja - Klikk for stort bilete Gravplassen på Grotle i Bremanger - ein freda gravplass frå 1300-talet - Klikk for stort bilete

Sunnivaleia går over sjø og land. Kysten var den vanlegaste og viktigaste ferdselsåra i middelalderen, og var dermed også Noregs viktigaste pilegrimsveg. Å ha ei pilegrimslei langs kysten er viktig i ein historisk samanheng, samtidig som ei slik lei har andre særpreg og innhald enn pilegrimsleiene i innlandet. Dette vil gjere Sunnivaleia unik som pilegrimslei, både i ein norsk og internasjonal samanheng. Kystvegen til Nidaros har hatt mykje fokus i pilegrimsmiljøet i Noreg dei siste åra, noko ein har merka både på Kinn og Selja, som og er naturleg stoppestader for kystleia til Nidaros. Sunnivaleia har potensial både som pilegrimslei og turistattraksjon, og leia har eit innhald som er attraktivt både for pilegrimar og turistar.
 
Prest, kjentfolk, naturguidar, lokalt vertskap
Ei organisert pilegrimsvandring krev mannskap på mange nivå. Prøvevandringa i Sunnivaleia har sokneprest i Selje Kari Leine Balog som åndeleg leiar. Ho er sjølv ein erfaren pilegrim og har leia arbeidet med organisering av prøvevandringa. I tillegg vil kjentfolk og naturguidar frå dei ulike områda syte for gode vegval og at vandringa blir krydra med  lokalhistorie og kulturminneopplevingar. Ei og annan overrasking i regi av lokale entusiastar kan vandrarane og vente seg. Pilegrimane overnattar på Kinn, Smørhamn, Havly på Bremangerlandet, Ulvesund fyr, Fjordly på Bryggja og i Selje. Her finn du ein kortversjon av vandreplanen. (link til vandreplan) (PDF, 21 kB)
 
Arbeidsgruppe
Ei arbeidsgruppe leia av sokneprest Knut Magne Nesse i Kinn, har jobbe med Sunnivaleia i over  3 år. Det er mellom anna utarbeidd ein forstudie som omhandlar pilegrimstradisjonar i Noreg, det historiske grunnlaget for Sunnivaleia, plan for tilrettelegging og tiltak og ei oversikt over attraksjonar, servering og overnatting langs leia. Forstudien finn du her (link til rapporten). (PDF, 7 MB)
 
Prøvevandringa vil gje nyttig erfaring som grunnlag for å sluttføre arbeidet med Sunnivaleia. Etter planen skal leia offisielt opnast i 2011.

 

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering