Selja i Kystpilegrimsleia

Riksantikvaren har i 2013 løyvd midlar til utvikling av delar av Kystpilegrimsleia. Gjennom verdiskapingsprogrammet på kulturminnesektoren ber Riksantikvaren Selje kommune om å initiere utvikling av dei delane av leia som fører til Selja. Det skal gjennom dette tiltaket arbeidast med tilrettelegging for prøvevandringar i sesongen 2014. Arbeidet skal gjerast i samarbeid med Sogn og Fjordane fylkeskommune og den kystomfemnande Kystpilegrimsarbeidet (Stavanger  -- Trondheim).

 

Selja er ein viktig stad på Kystpilegrimsleia Stavanger  -- Trondheim, og er eit sjølvstendig pilegrimsmål. Det er difor nærast sjølvsagt at Selje/Selja blir staden for eit regionalt kystpilegrimssenter -- noko som også får brei støtte. Dette er også i tråd med det interimstyret for kloster- og pilegrimssenter i Selje konkluderer med i sluttrapporten . Det skal tilsettast ein prosjektmedarbeidar som vinteren 2013- 2014 skal arbeide med m.a. dette tiltaket.

Sjå utlysing av stillinga her

 

 

Publisert av Bård Fløde. Sist endra 01.09.2013
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering