Turtips
Amatørteater

Kunstnarar vert fasinert av den mektige og varierte naturen - veret --- og også lyset -- her uti havgapet. Havet så langt vest gjev eit ekstra lys -eit lys vi ikkje får oppleve andre stadar. Mange kunstnarar hentar inspirasjon til kunsten sin her ute i vest. Også kulturhistoria og det særmerkte kulturlandskapet gjev inspirasjon til kunstnarar og brukskunstnarar. Dette gjeld både lokale og tilreisande kunstnarar -og kunstnarar med ulike uttrykk.

 Selje kommune har eit rikt kulturliv -særleg innan det frivillege kulturlivet. Vi har fleire kor og orkester, vi har lag og organisasjonar som driv med verdfulle kulturaktivitetar. Her er også ungdomslag som driv leikarringar og amatørteater, fleire korps kring i bygdene, husflidslag og velforeiningar. Vi har fleire idrettslag i kommunen som gjev tilbod for ulike aldersgrupper.

 Selje kommune har kulturskule, bibliotek og driv aktivt arbeid opp mot ungdommen og helsefremjande tiltak for alle aldersgrupper.

Fem store kulturarrangement blir sett opp årleg eller annankvart år. Dette er Dragseidspelet "På Sverdeggja",Seljumannamesse, Stadlandet Rett Vest (turløp) og Selje Cup (fotballturnering for aldersbestemte grupper).

Lag og Organisasjonar

Klikkar du på bildet, opnar du eit bildegalleri som presenterer litt av kunst- og kulturalktiviteten i Selje kommune.

TURISTINFORMASJONEN

Kontaktinformasjon

Opplev Selje
Sunnivahuset Kommunehuset
6740 Selje
E-post : turistinfo@selje.kommune.no
Telefon
: 40446011

Faks
: 57858501

Galleri

Fotograf: Bård Fløde
21 juni 2007
Bård Fløde
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering