Turtips

LIVET -- LEGENDA -- LYSET -- LANDSKAPET

panelet av innleiarar - Klikk for stort bilete

 

Ein ny organisasjon med arbeidstittelen " Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad" er under etablering. Bak etableringa ligg mange års arbeid med førebuing for den nye organisasjonen . Utviklingsprosjektet "Selja og Stad" la grunnlaget --- no skal arbeidet inn i ei ny fase.

Dei fire L-ane (PDF, 3 MB)representerer  innhaldet og breidda i stiftinga sitt arbeidsområde.

4. februar var mange instansar/personar med interesse for dette arbeidet, samla til eit arbeidsseminar i Selje.

Publisert av Bård Fløde. Sist endra 07.02.2015

Arbeidsseminaret gruppebilete.jpg - Klikk for stort bilete

 

 Seminaret var intenst og arbeidskrevjande. Arbeidsgruppa som jobbar med etableringa av stiftinga, hadde lagt opp til ein dag som skulle gje rikt utbyte for den framtidige organisasjonen. Etter fleire korte, men gode innleiingar, arbeidde deltakarane med viktige spørsmål for det vidare arbeidet.

Deltakarane ga arbeidsgruppa mange gode innspel som no blir tekne med vidare.

Kommunestyret i Selje gjorde i 2011 vedtak om at det skulle arbeidast for etablering av eit kloster- og pilegrimssenter i kommunen. Eit interimstyre gjorde eit grundig arbeid -- eit arbeid som no ligg som grunnlag for etableringa og utviklinga av organisasjonen.

Intensjonen med arbeidsseminaret var å knyte til seg viktige instansar -- få gode råd og innspel for innsatsen vidare. Dette vart innfridd desse hektiske timane på Selje hotel.

Mellom deltakarane var representantar for Riksantikvaren, NCE, Sogn og Fjordane fylkeskommue, Nordfjord Vekst, Nasjonalt pilegrimssenter, Fortidsminneforeninga, Sankta Sunniva klosteret, Sankt Olav klosteret, Kystpilegrimsleia, OVF, Møre bispedøme, Stavanger bispedøme, Bjørgvin bispedøme, Den norske kyrkja, Den katolske kyrkja, Høgskulen i Sogn og Fj., Venner av Selja kloster, Sparebanken Vest, Reisemål Stryn & Nordfjord, Selje kommune, Selja Forlag, Jetmund gjestehamn og Segel.

Arbeidsgruppa vil no ta med seg innspela inn i det vidare arbeidet. Arbeidsgruppa vil også inkludere innbyggjarane i Selje kommune i utviklinga vidare.Einskildpersonar, lag/organisasjonar og bedrifter vil bli inviterte til å engasjere seg i ei positiv utvikling for heile kommunen og regionen.

Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad skal vere ein paraplyorganisasjon for utvikling innan oppleving og reiseliv, for næringsutvikling innan dei prioriterte områda i strategisk næringsplan i Selje kommune. I den nye Kystpilegrimsleia frå Rogaland til Nidaros, skal Selje og Selja bli eit regionalt pilegrimssenter.

Intrimstyret nemner ei rekkje utviklingsområde for den nye organisasjonen.Stiftinga har eit stort utviklingspotensiale. No må dette spissast og utviklast i rett rekkjefølge. Selje kommune har eit enormt utviklingspotensiale -- dette er noko alle peikar på. Det er dette potensialet som gjer at så mange syner interesse og stiller opp.

Endringa av namnet på organisasjonen --frå Selja kloster- og pilegrimssenter -- til Stiftinga Sankta Sunniva, Selja og Stad -- har bakgrunn i at arbeidsgruppa ynskjer å utvide utviklingsområdet/ potensialet til å omfatte meir enn Selja og Selja kloster- og helgenanlegg. Det er Selja innunder det mektige og verdfulle Stadplatået som utgjer den heilskapen som gjer det heile så unikt! Det er kulturminne, natur, kulturlandskap,landskap i ein heilskap som skal vere grunnlag for framtidig utvikling under nemnde paraplyorganisasjon!

TURISTINFORMASJONEN

Kontaktinformasjon

Opplev Selje
Sunnivahuset Kommunehuset
6740 Selje
E-post : turistinfo@selje.kommune.no
Telefon
: 40446011

Faks
: 57858501

Galleri

Fotograf: Terje Hovden
Vårteikn i Årdalen
Terje Hovden
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering