Turtips

Naturen i Selje kommune

Selje kommune har ein variert og spennande natur. Lyset her utmed havet gjev naturopplevingane ein særleg dimensjon -og vekslinga i ver og lys er ei stor oppleving i seg sjølv!

Her finst fjell med planteliv som minner om høgfjellet i innlandet, du finn lune sandstrender, strender med utfordrande bølgjer som innbyr til mellom anna surfing, og sjeldne landskapsformer og naturtypar.

Stadhalvøya er karakteristisk med klippekysten og vikane innimellom. Denne halvøya var ikkje islagd under siste istid, og landskapsform , natur- og landskapstypar ber preg av dette.

Naturen i Selje kommune byr  også på verna våtmarksområde, sjeldan terrengdekkande myr, kystlynghei, verna vassdrag og fuglereservat.

Stad har det mest fuglerike området i landet vinterstid. På Stad kan du oppleve heile 30 raudlistarta fuglar, derimellom tre som er direkte truga.

 Naturen innbyr til fine opplevingar og fine turar: fjellet er svært lett og gå i - og det finst mange merka ruter. Kommunen har mange fine badestrender, og høve til leige av båt til  fisketura og andre opplevingar.

 Bildegalleriet syner bilde frå naturen i Selje kommune --og litt om korleis ein finn fram til stadane.

Vi ser ferga som går frå Barmsund til Barmen. Bildet er teke ein dag vinden tok godt! På Barmen er det fint turrterreng. | Fotograf: B. Fløde Frå nordenden av Berstadvatnet. Ein går opp frå Berstad i Molefjorden. | Fotograf: B. Fløde Frå nordenden av Berstadvatnet. Kort veg frå bilveg på Berstad i Moldefjorden. | Fotograf: B. Fløde Her helsar ein på geitebukk i fjøra på Skårbø. Ved enden av bilvegen ---5 km utanfor Selje sentrum. | Fotograf: B. Fløde Skallen og dei store horna av ein kystgeit-bukk | Fotograf: B. Fløde Uver ved moloen på Drage | Fotograf: B. Fløde Utsikt tvers over det verna Dalsbøvassdraget i Morkadalen. | Fotograf: B. Fløde Langs stien melom Bø og Selje kloster på sørsida av Selja passerer ein denne store hellaren. Sjå også bilde teke frå sørsida. | Fotograf: B. Fløde Hellaren ligg ved stien på sørsida av Selja. Sjå også bilde teke frå andre sida. | Fotograf: B. Fløde Utgangspunkt for turen er frå bilveg rett ovanfor krysset på Refsnes ...på vegen mot Vestkapp...merka turløype. | Fotograf: B. Fløde Utsikt frå fjellet bak Flatraket ned mot bygda og utover havet: Skongenes, Sideagapet,øya Silda og Stad | Fotograf: B. R. Rasmussen Utsikt frå fjellet bak Flatraket ned mot bygda og nedover mot hamna med moloen og utover havet med Skongenes, Sildegapet, Silda og Stad | Fotograf: B. R. Rasmussen Bygda Flatraket sett frå fjellet | Fotograf: B. R. Rasmussen Flatraket sett frå haugen mellom bygda og Storevikja | Fotograf: B. R. Rasmussen Sola har gått ned i havet. Bildet syner hav og himmel --utsikta utover havet inkludert Skongenes, Sildegapet, Silda og Stad | Fotograf: B. R. Rasmussen Utsikt frå kanten av Lundabrekkhornet ...vi ser gardane på Fløde og innover Vanylvsfjorden. Utgangspunkt for turen er via merka sti frå Otneim via Flødevatnet. | Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Utsikt mot Selje, Selja og Stad. Utgangspunkt for turen er frå toppen av Manseidet mot aust --merka løype av Selje IL. | Fotograf: B. Fløde Utsikt frå fjellet ovanfor Fløde. Utgangspunkt for tur hit er Otneim. | Fotograf: B. Fløde Utsikt mot havet og Søre Sunnmøre i nord. Utgangspunkt er Otneim. Ein går vidare frå Flødevatnet. | Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Utgangspunkt for turen er Liseth (vest for Selje sentrum) ,Dragseidet eller Otneim (via Flødevatnet). | Fotograf: B. Fløde Måskleivhornet når ein på merka stil frå bilvegen på Hoddevikfjellet. | Fotograf: B. Fløde Eltvikstranda og Eltvik sett frå toppen av Revjehornet. Revjehornet når ein på meerka sti frå (nesten) enden av bilvegen gjennom Borgundvåg. | Fotograf: B. Fløde Nedanfor bilvegen i Furefjøra ein uversdag. | Fotograf: B. Fløde Libberen når ein med utgangspunkt på Liseth eller Dragseidet. Merka løype begge stadar. | Fotograf: B. Fløde Libberen når ein på merka stiar frå Liseth, Ryggjejorda eller Dragseidet. | Fotograf: B. Fløde Her ser vi gjestebryggja i Selje sentrum ...utgangspunkt for båtturar m.a. til Selje kloster. | Fotograf: B. Fløde Vi ser ein fjellnut som kallast Hanekammen. Lenger vekke ser vi Dalskaret. Utgangspunkt for turen er på toppen av Dalskaret...merka tursti over Okla mot Hanekammen. Herifrå kan ein gå vidare vestover til Kyrnosa. | Fotograf: B. Fløde Utsikt frå Flødehornet sørover mot Vågsøy og Kvalheimsfjellet. Utgangspunkt for turen er Otneim via Flødevatnet. | Fotograf: B. Fløde Utsikt mot Honningsvåg frå Vestkapp. | Fotograf: B. Fløde Ein vakker sommarkveld i kajakk utfor Fløde på nordsida av Stad --utsikt nordvest mot Stadhavet og solnedgangen. | Fotograf: B. Fløde Kvile på årane i kajakk på fjorden ein sommardag. Kajakkutleige i Selje kommune. | Fotograf: B. Fløde Kje av den spesielle kystgeita i Selje kommune. Her utanfor Borgundvåg på nordsida av Stad...ved enden av bilvegen. | Fotograf: B. Fløde Kjødepollen. I botnen av fjorden er det ei trapp heilt opp på fjelllet langs ei vassleidning til kraftverket ved foten av fjellet. | Fotograf: B. Fløde Nærast ser vi restane av det store naustet som høyrde til klosteret. | Fotograf: B. Fløde Utsikt over klostervågen på Selja med Stad i bakgrunnen. Servicebygget reist i 2004 etter ei sjøbud som sto på same staden. | Fotograf: B. Fløde Utsikt vestover mot Ervik frå sørkanten av dalen --like ved Skjeljevatna -- ein av turpostane til Stadlandet Idrettslag. Utgangspunkt frå Dragseidet eller Stavselva   | Fotograf: B. Fløde Desse turgåarane er på veg på Libberen. Utgangspunkt for turen er Dragseidet eller Liseth utanfor Selje sentrum. Her nærmar ein seg målet og vi ser mot Selje sentrum | Fotograf: B. Fløde Vi ser ned på Måsevatnet og lenger vekke Søre Sunnmøre. Utgangspunkt er Storeneset på vegen mot Eltvik. Kan gå over i Morkadalen. | Fotograf: B. Fløde Her er vi like vest for ein av postane til Stadlandet IL: Hanekammen. Vi ser vestover mot Ervik og Hovden --vi ser Kyrnosa, som er ein annan av turpostane. I dette området er det planlagd vindmøllepark (mot høgre i bildet) | Fotograf: B. Fløde Ved varden på toppen av Kvamefjellet eller Høgehornet. Eit av turmåla til Selje IL. Utgangspunktet for turen er på Berstad inst i Moldefjorden. Turløypa er merka. | Fotograf: B. Fløde Her ser vi eit følgje på stien mellom Indre Fure og Ytre Fure. Du kan parkere bilen på Indre Fure og gå denne stien langs stranda og i fjellsida. | Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Ein vårkveld på vegen frå Stad til Selje over Sandvikeidet. | Fotograf: B. Fløde Frå turen frå vegen over Manseidet mot Berstadhornet ---ein av dei merka løypene til Selje IL | Fotograf: B. Fløde Her ser vi vestover Hoddevikfjellet mot Måskleivhornet. Utgangspunkt for turen er frå bilvegen midt på Hoddevikfjellet.Merka løype. | Fotograf: B. Fløde Vi ser vestover Stadhalvøya frå Tarvaldseggja. Utgangspunkt for turen er frå Sandvikeidet....merka tursti. | Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Her er det padlepause i småbåthamna. Fin lita badestrand inne i hamna. Like nedanfor Stadlandet Oppvekstsenter. | Fotograf: B. Fløde Utsikt mot Vanylvsgapet frå fjøra på Fløde ein seinsommarkveld. | Fotograf: B. Fløde Frå ein konsert på spelplassen for Drageidspelet like ved steinkrossen på Dragseidet | Fotograf: B. Fløde Litt av stien på sørsida av Selja sett frå fjellet på øya.Merka sti. | Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Stien startar på Indre Fure. | Fotograf: B. Fløde Frå teaterframsyning på Erviksanden 2009 | Fotograf: B. Fløde Fotograf: Heidi Rognes På stranda i våtmarksområdet i Tungevåg. Ved vegen mot Eltvik vest for Leikanger og Borgundvåg. | Fotograf: B. Fløde Frå konsert i tunnelen på Hovden i Ervik kulturnatta 2008. Utgangspunkt frå naustrekkja i Ervik. | Fotograf: B. Fløde Utgangspunkt frå vegen like ovanfor krysset på Refsnes der vegen tek av mot Vestkapp og Årvik/ Honningsvåg. Merka sti i turløypene til Stadlandet IL. Stien går til Kyrnosa --Tårevatnet ligg rett under dette fjellet. | Fotograf: B. Fløde Utsikt langs Stadhalvøya mot aust ...frå hytta på Hovden. Utgangspunkt frå nausta i Ervik. | Fotograf: B. Fløde Vi ser "ned" på innsida av Barmen. lenger vekke ser vi Raudeberg. Utganspunkt for turen er Berstad i Moldefjorden. | Fotograf: B. Fløde Vi ser ned på sanden på Drage og utover mot Furestranda. Tilkomst frå bilvegen nedanfor skytebana på Dragseidet. | Fotograf: B. Fløde Fotograf: B. Fløde Utsikt frå toppen av Loddvika aust for Myrahornet. Utgangspunkt er vegen over Dragseidet--sør for skytebana. | Fotograf: B. Fløde Utsiktspunkt ved enden på tunnelen gjennom Hovden. Her kan ein sjå ned på Buholmen og staden der hurtigruta St. Svithun forliste.
Utgangspunkt frå nasutrekkja i Ervik. | Fotograf: B. Fløde Varden på Geitahornet med Libberen i bakgrunnen. Geitahornet når ein frå Liseth vest for Selje sentrum og frå Dragseidet ovanfor Leikanger på Stad. Ein kan også gå opp frå Otneim via Flødevatnet utover Nonsdalsheida. | Fotograf: B. Fløde Nøkkevatnet med nøkkeroser ..like ved Flødevatnet. Utgangspunkt ved Ervik Havfiske sitt anlegg på Otneim. | Fotograf: B. Fløde Vi ser her verradaren og øyane i nord (Sunnmøre) | Fotograf: B. Fløde Haustdag ved Vestkapphuset | Fotograf: B. Fløde På Selja klan ein treffe på ein flokk villsauer som held vegetasjonen nede  m.a. i klosterområdet. | Fotograf: B. Fløde Vi ser gardshus på den veglause garden Årdalen ...her med utsikt attende mot Selje sentrum. Utgangspunkt for turen langs fjøra er Skårbø ...5 km utanfor Selje sentrum. | Fotograf: B. Fløde
Publisert av Bård Fløde. Sist endra 23.12.2009
TURISTINFORMASJONEN

Kontaktinformasjon

Opplev Selje
Sunnivahuset Kommunehuset
6740 Selje
E-post : turistinfo@selje.kommune.no
Telefon
: 40446011

Faks
: 57858501

Galleri

Fotograf: Bård Fløde
Myrull mot havet
Bård Fløde
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering