Turtips

Opptur frå Bergen til Selje

4. juni vart den nye Opptur-boka til Selja Forlag lansert ombord i veteranbåten M/S Nybakk ved kai i Måløy.

Opptur.jpg - Klikk for stort bileteOpptur.jpg

 

MS Nybakk - Klikk for stort bileteMS Nybakk Bård Fløde

 

Plakat i serie - Klikk for stort biletePlakat i serie B. Fløde

 

Plakat i serie - Klikk for stort biletePlakat i serie B. Fløde

 

Boka skildrar framlegg til tur-traséar langs kysten frå Bergen til Selje. Denne siste Oppturboka er elles laga i same format som dei tidlegare Oppturbøkene, og blir nok ei svært populær bok for fastbuande og reisande på vestlandskysten. Forfattarar er Torkjell Djupedal og Knut Magne Nesse.

Boka kjem i ei tid det blir arbeidd aktivt med kystpilegrimsleia Rogaland - Nidaros, og blir dermed eit godt supplement også for pilegrimar i leia mot pilegrimsmålet Selja.

Boksleppet skjedde altså ombord iM/S Nybakk, som no er på veg vestover havet. Ombord har båten m.a. ei utstilling som syner samarbeidet mellom Gulatinget, Kvernsteinparken i Hyllestad og Selja.

M/S Nybakk har også med seg ei helsing frå ordførar i Selje til Iona, der ordføraren uttrykkjer ynskje om å innleie eit samarbeid knytt til Selja og pilegrimsarbeidet

TURISTINFORMASJONEN

Kontaktinformasjon

Opplev Selje
Sunnivahuset Kommunehuset
6740 Selje
E-post : turistinfo@selje.kommune.no
Telefon
: 40446011

Faks
: 57858501

Galleri

Fotograf: Marit Refvik
Hardusett
Marit Refvik
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering