Turtips

Pilegrimar - reisande -- og godt vertskap

Han får mange til å rette blikket mot Selja 

Nils Krister Larsen er tilsett for å utvikle pilegrimsturar (PDF, 2 MB)Selja.jpg - Klikk for stort bileteSelja.jpg

til Selja. I trekvart år  (prosjektperioden) får han også mange menneske til å rette blikket mot Selja -- og dermed vonleg ta turen dit. Larsen lagar turar både frå nord og sør til Selja --turar som skal utprøvast denne sommaren.

På Facebook kan du søke opp "Seljasamfunnet", der Nils Krister Larsen har etablert eit stort nettverk på dette temaet. Nils Krister oppmodar alle til å legge inn tankar og ideforslag i denne bloggen!

Dette er ein del av utviklinga av ei kystpilegrimslei frå Rogaland til Nidaros. Her reiste dei første pilegimane -- og Selja har vore --og er -- eit sjølvstendig pilegrimsmål i kystpilegrimsleia.

I dag er det ein flytande overgang mellom ein "ekte" pilegrim og ein "vanleg" turist. Felles for dei reisande i dag, er at dei søkjer ei særskild oppleving -- eit særskilt innhald i turen.

Vi håpar og trur at folk i Selje kommune tek godt i mot dei som besøkjer oss --at vi er eit godt vertskap for gjestane! Reiseliv er ei viktig næring for kommunen vår, ei næring med stort utviklingspotensiale! Vi har mykje å syne fram og vere stolte av!

Gjennom å vere godt vertskap og ta godt imot gjestane våre, kan vi alle vere med på denne verdiskapinga. Dei reisande legg att pengar mange ulike stadar i kommunen vår -- og tilfører dermed store verdiar til mange av bedriftene våre.

Besøkjande som vert godt mottekne, får lyst til å komme tilbake!

TURISTINFORMASJONEN

Kontaktinformasjon

Opplev Selje
Sunnivahuset Kommunehuset
6740 Selje
E-post : turistinfo@selje.kommune.no
Telefon
: 40446011

Faks
: 57858501

Galleri

Fotograf: Terje Hovden
Vannliljer i Årsheimsvatnet
Terje Hovden
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering