Freya
Freya

Radar på Kjerringa

Du trudde kanskje at radar på Kjerringa var noko nytt? På slutten av siste verdskrigen var Kjerringa eit svært viktig strategisk punkt for det tyske Luftwaffe, med fleire radaranlegg, radiosamband med fly, radiolinjeutstyr for telefoni og fjernskriver og jagerkontrollsenter!

 

Under siste verdskrigen fann det tyske naziregimet med Adolf Hitler i spissen ut at det var fare for invasjon frå vest. Dei etablerte det dei kalla Atlanterhavsmuren frå Portugal til Nord-Norge, med kanonstillingar og forsvarsverk. Desse forsvarsverka ser ein spor etter overalt på kysten i dag og, i form av bunkeranlegg, skytestillingar, løpegraver og radarfundament.

 

Den første radaren i Norge var sannsynlegvis den på Kråkenes i Nord-Vågsøy. Måløyraidet gjorde sitt til at han kom der, for å kunne varsle om eventuelle  åtak frå sjøen. Litt seinare vart arbeidet sett i gang med radaranlegga på Kjerringa, som var eitt av dei største anlegga i Nord-Europa. Utsyret bestod av 4 radarar; ein Wassermann med 50 m høg antennemast, ein Frøya og to Würzburg Riese i det dei kalla "Himmelbett-konfigurasjon. Dei hadde radiosamband mellom kontrollsenteret og jagarane, slik at dei kunne leie flya mot fienden, som var dei allierte flya. Dei tyske jagarflya kom frå Herdla eller Aukra. Eitt radarsett heldt auge med engelske jagarar og eit anna heldt kontroll på tyske fly, slik at radio-og radaroperatørane i "Jägerleit-hytta" kunne leie dei mot kvarandre.

 

Men det var ikkje berre på Kjerringa at tyskarane hadde radaranlegg. På Eggjane i Ervik stod det og to radarar, ein Würzburg og ein Freya Fahrstuhl. Desse var primært artilleriradarar, altså for styring av hovudsakleg luftvernkanonar. Fundamentet for W¨rzburg-radaren ligg der enno.

 

Radar var noko nytt på den tida. Dei allierte og tyskarane hadde kvar sine vegar i utviklinga, spesielt av lett utstyr på mikrobølgefrekvensar for bruk i fly der dei allierte etterkvart var overlegne. Radartypen "Freya" var forresten kalla opp etter den norrøne gudinna Frøya som kunne sjå gjennom tåke og regn!

 

Men så kjem det aller mest interessante, i alle fall for meg som historikar og elektronikar: Leverandøren av verradaren var faktisk den same som leverte radarane Freya og Wassermann til Luftwaffe Funkmessellung "Steineiche" (kodenamnet for installasjonen på Kjerringa). Namnet på verradarleverandøren er GEMATRONIK og namnet på leverandøren av Freya og Wassermann var eit firma som då heitte GEMA! GEMATRONIK er ei direkte fortsetjong av firmaet Gema som vart starta av von Willisen m.fl. rett før krigen. Litt av eit samantreff?

 

Slå opp på radarnamna og firmanamna på Internett, så får du både bilete og meir informasjon.

 

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering