Reiseklar
Reiseklar

Reiseklar 2010

Vestlandets største reiselivmesse heiter Reiseklar og blir arrangert i januar kvart år, i 2010 var det 22.-24. Tradisjonen tru er Reisemål Stryn & Nordfjord godt representert, denne gongen med fem deltakarar.

På Nordfjordstanden står frå høgre Arvid Hamre frå Selje Hotel, Marianne R Sæther frå Gloppefjord Sommarhotell, Anna Marie S Vatnamo frå Innvik Fjordhotell, Bettina V Bickhardt frå SlowTur/Kråkenes Fyr og Olav R Faleide frå RS&N. Prosjektleiar Bjørn Jensen (ikkje i bilete) bidro med interessant foredrag om Selje kloster -og helgenanlegg og den historiske koblinga mellom Bergen og Selje. I tillegg til spennande turpakkar og fargerike ferieframlegg, kunne vi også by på lekre smaksprøver av røykjelaks frå Coast Seafood, môrpølse frå Nordfjord, fiskelefse og flatbrød frå Signe Aabrekk Gardsmat, saman med ein smak brevatn frå Olden. Arrangementet, som trekte til seg om lag femten tusen besøkjande, gjekk denne gongen  av stabelen i Grieghallen.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering