Seljumannamessa 2019

18.png - Klikk for stort bilete Årets Seljumannamesse blir noko enklare enn fjorårets, men fin likevel! I år vert det søndag 7. juli kl 12.00 på Selja. Predikant er biskop i Oslo, Kari Veiteberg. Det vert også konsert i Selje kyrkje laurdag 6. juli kl 18.00.

SELJUMANNAMESSA PÅ SELJA SØNDAG 7. JULI KL. 12:

Predikant er biskop i Oslo, Kari Veiteberg.biskop Kari Veiteberg.jpg - Klikk for stort bilete

Elles i gudstenesta medverkar flinke musikarar frå regionen under stødig leiing av organist Jon Inge Sigerland. Vi prøver også få til eit prosjektkor.

Doris Hammersvik og Per S. Røyset er uvurderlege på den praktiske sida.

Sokneprest i Selje, Eli-Johanne Rønnekleiv, er liturg. 

Kollekten går til Seljumannamessekomiteen.

Båt frå Norled går frå Selje til Bø på Selja ca kl. 10.45 med retur ca. kl. 14.15. Billett kr. 200,- Vipps og betaling med kort blir mulig.

Fleire detaljar vil bli publisert på Seljumannamessa si Facebookside.

 

Og om du vil bidra i det liturgiske prosjektkoret, eller med praktisk arbeid - gje kyrkjekontoret i Selje ei melding.

Be om godt og lagleg vêr! Kle og sko deg etter forholda! Ver vel møtt på Selja, til gudsteneste i klosterruinane!

 

KONSERT I SELJE KYRKJE LAURDAG 6. JULI KL. 18:

Medverkande er Malin Alander med «Draumkvedet», Line Dybedal, Bjørn Inge Berge og Jon Inge Sigerland.

Bill. kr. 200,- ved inngangen.

Born under 12 år gratis.

 

Sist endra 07.06.2019
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering