Seljumannamesse 2018

BJØRGVIN BISPEDØME 950 ÅR
VELKOMMEN TIL BISPESETEJUBILEUM SELJE 7- 8. juli 2018

Lørdag 7. juli

kl. 18.00 – Konsert i Selje kyrkje
Medverkande : Jon Inge Sigerland, Bergen domkor, Line Dybedal m. vener.
Billettar kr. 200. Førehandssal av billettar i daglegvarebutikkane i kommunen og i kyrkja.

Søndag 8. juli
kl. 11.30 – Jubileumsgudsteneste – Seljumannamesse på øya Selja
H.M. Dronning Sonja vil vere til stades.
Med biskop Halvor Nordhaug, biskop Herborg Finnset,
biskop i den katolske kyrkja Bernt Eidsvig, Bergen domkor og prosjektkor frå regionen.
Opning av Kystpilegrimsleia v/ H.M. Dronning Sonja og miljøvernminister Ola Elvestuen
kl. 15.30 - Konsert i Selje kyrkje med lokale krefter
Billettar kr. 200, førehandsal som til konserten 7. juli.
----------------------------
Informasjon om 8. juli
Billettar (inkl. gebyr) : kr 325/120 (barn). Familie (inntil 5) kr 740: ticketmaster.no
Inkluderar båttransport tur/retur Selja, program og eit kakestykke.

Båt-transport til Selja
Første hurtigbåt har avgang frå Selje 09:30 // Siste båt har avgang frå Selje 10:30
Vi oppmodar folk om å vere tidleg ute. Overfarten tar ca 10 min.
Arrangementet er ferdig ca kl. 14:30
Første returbåt frå Bø har avgang 14:30 (prioritert reisande med Nordfjordekspressen sørover)
Siste båt frå Bø har avgang 15:30. Treng du transport direkte til Klostervågen, kontakt Selje kommune.

Klostervågen vil bli stengt for private fartøy mellom 09:00 - 16:00

Ta gjerne med drikke, sitteunderlag og myggstift.
Vi oppmodar alle om å hugse gode sko, det kan vere glatt og fuktig på turstien.
Gåturen frå Bø til klosteranlegget tek omtrent 20 min.
Rom: selje.kommune.no/portal-opplev-selje/overnatting/

Kontaktinformasjon:
Selje kommune – post@selje.kommune.no – 578 58 500
Bjørgvin bispedøme – Ragna Sofie Grung Moe – 952 77 371
Les meir: www.kyrkja.no/bjorgvin

Sist endra 18.06.2018
 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering