Fotograf: Helga Odden Reksnes
På Knutholmen fotograf Helga Odden Reksnes

Sunnivaleia i støypeskeia

Prosjektgruppa og inviterte ressurspersonar har vært samla eit døgn på Knutholmen i Bremanger til ein idédugnad kring visjon, overordna mål, strategiar og prioriterte tiltak for Sunnivaleia - ei pilegrimslei frå Kinn til Selja som er under utvikling. Ei engasjert gruppe ga mange gode innspel til det vidare arbeidet med leia. På bakgrunn av ei forstudie som var klar hausten 2009 skal no føremål med Sunnivaleia konkretiserast og ein må velje strategiar og virkemiddel. Løyper skal merkast og ryddast, lokalbefolkning og sokneråd må engasjerast. Deltakarane diskuterte også visuell profil, erfaringar frå pilegrimsvandringar i heile Europa og korleis ei turhandbok for Sunnivaleia bør sjå ut. Viss alt går etter planen vil Sunnivaleia bli offisielt opna i 2011. I forkant av Seljumannamesse i år blir det arrangert ei prøvevandring frå Kinn til Selja. Den startar 28. juni på Kinn. Meir informasjon om prøvevandringa kjem snart.

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering