Utvalde kulturlandskap i Selje kommune

Hoddevik
Hoddevik

Regjeringa peikte i 2009 ut 20 utvalde kulturlandskap i jordbruket, som skal få ei særskild skjøtsel og forvaltning. Området Hoddevik - Liset på Stadlandet er eit av desse områda - særprega av kystgrender med gardslandskap og kystlynghei. Området inkluderer også Ytre og Indre Fure, Drage, Årdal og Skårbø. Dei utvalde landskapa vil fungere som nasjonale referanseområde og utstillingsvindauge for særprega, representativ og verdifull natur og kulturhistorie knytt til jordbruket i Noreg. Forvaltning og skjøtsel av områda skal baserast på frivillig deltaking der staten inngår avtale med interesserte gardbrukarar og grunneigarar om tilskot til utføring av viktig skjøtselsarbeid. Her finner du brosjyre (PDF, 2 MB) om Utvalde kulturlandskap i jordbruket. 

 

Publisert av Bård Fløde. Sist endra 23.12.2009

Nasjonale styresmakter legg opp til at det skal utarbeidast ein forvaltningsplan for kvart av dei utvalde kulturlandskapa i løpet av 2009. Forvaltningsplanen vil vere grunnlaget for aktuelle skjøtsels- og restaureringstiltak og avtaler knytt til dette. Her finn  du utkast til forvaltningsplan for Liset-Hoddevik (PDF, 7 MB)

Kontaktpersonar:

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane: Truls Hansen Folkestad, epost tfo@fmsf.no
Selje kommune: Kristian Nave, epost kristian.navne@selje.kommune.no  

 
 
 
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering