Pressemelding etter kommunestyre i Selje 12.09.2018.

Utsikt frå fjellet bak Flatraket ned mot bygda og utover havet: Skongenes, Sideagapet,øya Silda og Stad - Klikk for stort bilete Selje kommunestyre har i kommunestyre behandla fleire saker som er viktige for Selje i framtida. 

Oppdatert saksliste til kommunestyre. Protokoll er under utarbeiding.

 

68/18: Oppstart av planarbeid - Planprogram for Sjåstad Nedre, næringsområde - Høyring og offentleg ettersyn

I arealplanprosessen i Selje (2015-2017)  fekk kommunen avsatt fleire sjønære områder til næringsverksemd. I dag har vi handsama eit planprogram for Sjåstad nedre på Leikanger, ved dagens industriområde.  Næringsområdet som ligg der i dag, har stor aktivitet og vi trur at i framtida vil område få ein auke i antal verksemder og ein utviding av eksisterande verksemder.  Selje kommune er ein sjøretta industrikommune og ein av dei viktigaste oppgåvene til kommunen er å legge til rette for nødvendig ekspansjon av næringsareal.

Område som no ligg ute på høyring er ein utviding av dagens område både på land og utfylling i sjø. Utfylling i sjø skal legge til rette for ei fleirbrukshamn som er mangelvare i Selje. Planprogrammet vert no lagt ut på høyring med innspelsfrist i oktober i år.

 

069/18:  Avgrensa rullering av kommuneplanen sin arealdel - Temakart for sjøområda

Regjeringa sin havstrategi (2017) legg opp til stor vekst innan havnæringane i Sogn og Fjordane og fylkeskommunen sin verdiskapningsplan (2014) har ei eiga satsing innan sjømatnæringa.

Selje kommune har dei siste åra vert med på eit kartleggingsarbeid for sjøområda utanfor kommunen. (marine grunnkart for Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora). Denne kartlegginga har gitt oss unike verktøy til å kunne legge til rette for næringsmessig aktivitet på sjø innan marine næringar, energi og mineral.

Neste steg i denne prosessen er å få laga ein kommunedelplan for sjøområde. Selje kommune som er i samanslåingsprosess med Eid kommune vil invitere inn Eid i denne prosessen saman med område ved Bryggja som vert grensejustert frå Vågsøy frå 1.1.2020.

Denne planen skal gje kommunen meir inngåande kunnskap om potensialet for nye næringar og utviding av dagens marine næringar i kommunen. Kommunen vil ha tett dialog med både næringsliv og fagmiljø i dette arbeidet.

Det er ein motivasjon for Selje kommune å jobbe med dette arbeidet jf. midlane frå havbruksfondet som vert utbetalt i oktober. Desse utbetalingane  viser at det løner seg å legge til rette for berekraftig vekst i marine næringar. 

 

071/18:  Endring av handlingsprogram - Kommunedelplan for idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv

Kommunedelplan for idrett og fysisk aktivitet i Selje kommune 2018-2028 er retningsgjevande for kommunen sine prioriteringar i saker som gjeld idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv. I kommunedelplanen er det eit 4-årig handlingsprogram som skal rullerast årleg. Frist for å kome med innspel vart sett til 20. august i år.

Selje kommune fekk tildelt kr 360 000 i spelemidlar for 2018. Tilskotet vart tildelt Dagsturhytte, som no er under oppføring.

Det er gledeleg å sjå at Selje kommune no har fleire større og mindre prosjekt som ligg inne i vår handlingsprogram. Selje har vert kjent for å ha få eller ingen søknadar til tippemidlar frå fylket og no ser vi at porteføljen av prosjekt i Selje er sterkt aukande.  Nokon er vorte førehandsgodkjent som er eit krav og andre prosjekt ligg i startgropa for å verte vurdert å få ei førehandsgodkjenning.

 

074/18: Lokal forskrift om utvida bandtvang for hund i Selje kommune – vedtak

Det er ein generell bandtvang i Noreg frå 1. april til 20. august. Med heimel i hundelova § 6, bokastv e) utvidar Selje kommune bandtvangen for hund til å gjelde frå 1. april til 20. oktober.

Grunnen til denne utvidinga er at Selje har mange beitande dyr i utmarka og vi har hatt uheldige episodar der laushundar har gjort skade på eller skremd beitande dyr. Det er sjølvsagt mange flinke hundeeigarar i kommunen men utvidinga av bandtvang perioden skjerpar plikta til hundeeigar å passe på sine hundar.

Selje kommune har og ei informasjonsutfordring då det er mange besøkande til kommunen. Her må kommunen jobbe vidare med å gje nødvendig informasjon om reglane for hundehald.

Publisert av Belinda Fure. Sist endra 14.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering