Pressemelding frå Selje folkeboksamling

eBokBib - Klikk for stort bileteeBokBib  400 bøker med i påskesekken!

I påska kan du og sitte på hytta og låne bøker frå biblioteket ditt. Har du nasjonalt eller lokalt lånekort kan du velje mellom 400 e-bøker, og fleire kjem.

 Torsdag 10. april, gjekk startskotet for utlån av e-bøker frå alle biblioteka i Sogn og Fjordane. Via gratis-appen eBokBib installert på nettbrett eller smarttelefon, internett-tilgang og lånekort er biblioteket berre eit tastetrykk unna:)

E-boksatsinga er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteket, folkebiblioteka og bibliotek i vidaregåande skule. Samarbeid gjev meir til innkjøp og større utval av e-bøker. For lånaren sin del betyr det at alle får lik tilgang til heile e-boksamlinga uansett kvar ein bur i Sogn og Fjordane.

Det er enkelt å kome i gang, besøk nettsida http://ebok.sfj.no eller kom innom biblioteket!

Selje folkeboksamling har påskeope Tysdag 15. april kl 11 - 16!

For ytterligare informasjon kontakt Selje folkeboksamling v/Eli - tlf. 57856700 - e-post: biblioteket@selje.kommune.no.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering