Pressemelding - samfunnssikkerhet og beredskap.

Logo EVS.jpg - Klikk for stort bilete Kommunane Eid, Vågsøy og Selje (EVS) har etablert eit fellesprosjekt innan beredskapsarbeid og sektorovergripande risiko -og sårbarhetsanalyse - ROS - analyse.  

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 20.01.2015

Den heilskapelege ROS-analysen skal sette krav i Sivilbeskyttelsesloven. Med felles og overordna ROS-analyse som grunnlag skal kommunane utarbeide plan for oppfølging for kommunane sitt arbeid med samfunnssikkerhet og beredskap. Prosjektet er støtta av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. Prosjekteigar er EVS - kommunane, og styringsgruppe for prosjektet er rådmenn i dei tre kommunane.

Regelverk innan fagområdet legg opp til at kommunar bør samarbeide når dei har eit tilnærma likt risikobilete. Samarbeid interkommunalt er særskilt viktig når det allereie er etablert samarbeid om sentrale beredskapsresursar t.d. innan brannområdet, interkommunalt utval mot akuttureining (IUA) og legevakt for kommunane. Nabokommunar har ofte dei same utfordringane, og uønska hendingar i ein kommune kan få konsekvensar for ein annan. Aktuelle eksterne aktørar kan ofte vere dei same for fleire kommunar, og sarmarbeid om beredskapsarbeid kan føre til betre utnytting av knappe ressursar til dette arbeidet.

EVS- kommunane har invitert eksterne og interne aktørar til eit møte 26. januar kl. 09.00 på rådhuset i Eid, der samla risikobilde for desse tre kommunane er tema. 

Kontaktperson for fleire opplysningar:

Anita Otneim Hoddevik.

Prosjektleiar Interkommunalt samarbeid Eid, Vågsøy og Selje.

Tlf: 99 70 45 72 eller sentralbordet 57 85 85 00

anita.hoddevik@selje.kommune.no

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering