Reguleringsplan Rundereim

    - Klikk for stort bilete

I medhald av Plan- og bygningsloven § 12-12, har Selje kommunestyre i møte 16.12.2013, sak 073/13,vedteke reguleringsplan for Rundereim hytteområde med tilhøyrande føresegner.

1. Rapport (PDF, 5 MB)

2. Føresegn (PDF, 100 kB)

3. Kart (PDF, 258 kB)

 

 

 

Reguleringsplanen låg ute til offentleg ettersyn i perioden 17.10.2012 – 22.11.2012.

Reguleringsplan for Rundereim hytteområde gjeld del av gbnr. 78/1, eit område på om lag 10 da som inkluderar sju hyttetomter, eit leilighetsbygg, naustområde, veganlegg og friareal.

Bakgrunnen for tiltaket var at forslagsstillar ynskte å avvikle drifta av Rundereim hytter, og legge hyttene ut for sal. Av nye tiltak, legg planforslaget opp til to nye hyttetomter, utvida naustområde og mogeleg busslomme ved eksisterande busstopp.

Tiltaket er ikkje i samsvar med overordna planar, men på bakgrunn av eksisterande etablering i planområdet, ser ein på tiltaket som detaljplan utan vesentlege verknadar for miljø og samfunn.

Reguleringsplanen med føresegner kan De også finne på servicekontoret på kommunehuset.

 

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 20.12.2013
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering