Reiseliv og stadutvikling i Stad

STAD 2020 inviterer til ope møte og avspark for arbeidet med reiselivsstrategi, cruise og stadsutvikling i nye Stad kommune tysdag 2. oktober kl 19.00!

SATSING PÅ REISELIV I STAD KOMMUNE
Nye Stad kommune har eit stort potensiale i å utvikle reiseliv til ei
spennande framtidsnæring. Med eit mangfald av flotte reiselivsaktørar, handel, friluftsliv, kulturliv og nye reiselivssatsingar er vi ei attraktiv kommune både å bu i - og besøke!
Kommunen, reiselivsnæringa, handelsnæringa må saman komme fram til ei ønska utviklingsretning for reiselivsnæringa fram mot år 2030. Stad 2020 har no sett i gang arbeidet med ein overordna strategi for utviklinga av reiselivet, tettstadane og bygdene i den nye kommunen. Vi treng ditt engasjement og dine innspel med i arbeidet! 2. oktober inviterer vi til eit felles avspark med informasjon
om prosjektet, om cruise i Nordfjord og inspirasjon frå reiselivsnæringa og aktørar innan reiselivet!

PROGRAM 2. oktober kl 19-21.30
- Velkomen v/Åslaug Krogsæter, Stad 2020
- Stad 2020 - reiseliv og stadutvikling, PwC v/Ingvill Flo
- Alt i ein fjord, Visit Nordfjord v/Marita Lindvik
- Opplevingsturisme, Lyngsfjord Adventure v/Hans Olav Eriksen
- Berekraftig reiseliv? Innovasjon Norge
Pause
- Cruise og Stad2020,Port of Nordfjordeid v/Eli Førde Aarskog,
Cruiseanløp 2019
- Temperaturmåling av reiseliv i Stad kommune v/PwC
Kva bør kjenneteikne Stad kommune som reisemål?

 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 18.09.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering