Velkommen i eit godt rektorkollegium som er saman om å vidareutvikle grunnskulen i Selje kommune. Rektorane i Selje kommune skal vere med å gje retning, bygge relasjonar og ha pedagogisk leiarskap – der kvaliteten i klasserommet og elevane sitt læringsutbyte -står sentralt. Grunnskulen i Selje kommune er god, og vi ynskjer å gjere den enno betre!
Stadlandet Skule er 1- 10-skule . Skulen har om lag 100 elevar.
Kommunen har eit tverrfagleg fokus på borna si utvikling og ynskjer å vidareføre satsing på dette feltet.
Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.
Tilsetting etter gjeldande lov og avtaleverk. Politiattest etter Opplæringslova §10-9.
Spørsmål om stillinga kan rettast til rektor Sylvi Olsson, tlf 57859300.
Minst to referansar skal oppgjevast.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli offentleggjorde (jmf. Off.-lova 25)