Retrettstilling for rådmann

Rådmann Reidar Sandviknes ønskjer nå etter 17 år som rådmann i Selje kommune å slutte, og har søkt om retrettstilling i tråd med leiaravtale og personalpolitisk plan. 

Kommunestyret hansama saka på møte 18.juni og gjorde følgjande samrøystes vedtak:

  • Forhandlingsutvalet (ordførar, varaordførar og leiar i administrasjonsutvalet) får fullmakt til å sette i gang prosessen med tilsetting av ny rådmann, samt ordne med konstituering av rådmann fram til ny rådmann kan tiltre.
  • Forhandlingsutvalet får fullmakt til å ordne avtale med noverande rådmann i samsvar med avtale og regelverk (tittel, arb.oppgåver, arb.tid, løn).
  • Referatsak i formannskapet

Forhandlingsutvalet og rådmannen hadde møte 24.juni. Det vart der inngått avtale om at Sandviknes slutter formelt som rådmann 31.07.2014.

Forhandlingsutvalet har no sett i gang prosess med å rekrutere ny rådmann i tråd med vedtaket i kommunestyret. Arbeidet med å konstituere rådmann frå 01.08.14 fram til ny rådmann vert tilsett pågår.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering