Roger Aa Djupvik tilsett i Nordfjordrådet

Foto: Gloppen kommune - Klikk for stort bileteFoto: Gloppen kommune Roger Aa Djupvik er tilsett som dagleg leiar i Nordfjordrådet. Roger Aa Djupvik er 37 år gammal og kjem frå stilling som idrettskonsulent i Oppland fylkeskommune. Der har han jobba med å bruke idrett som ledd i regional utvikling og gjennom idretten bygge relasjonar mellom næring og reiseliv. Han tek til i stillinga 1. mai  2018.

- Roger Aa Djupvik har klare ambisjonar for å engasjere ungdom og la ungdom ta del i regional utvikling. Dette er heilt i Nordfjordrådet si ånd når det kjem til å styrke regionen som heilskap og jobbe i lag. Då er det heilt avgjerande at vi har dei unge med oss, seier ordførar i Gloppen Leidulf Gloppestad, som har leia prosessen med tilsettinga.

 

I tillegg til Leidulf Gloppestad har også ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad, rådmann i Eid, Åslaug Krogsæter, rådmann i Stryn, Rune Hovde og personalsjef i Gloppen Rita Lilletvedt vore med i gruppa som har tilsett Roger Aa Djupvik som dagleg leiar.

Gjennom sine erfaringar frå toppidretten både som utøvar og som tilsett i Norges idrettsforbund, vil Roger Aa Djupvik vera ei drivande kraft i å vidareutvikle samhandling i regionen og arbeide mot felles mål.

- Med Roger Aa Djupvik som dagleg leiar, i full stilling, vil Nordfjordrådet ha ei utviklingskraft vi tidlegare ikkje har hatt", seier ordførar i Vågsøy og leiar i Nordfjordrådet, Kristin Maurstad. Med Roger Aa Djupvik har Nordfjordrådet fått ein dagleg leiar med genuin interesse for å utvikle heile Nordfjord og med god kompetanse og bredt nettverk.

For meir utfyllande informasjon, ta kontakt med:
Leiar i Nordfjordrådet, Kristin Maurstad, 412 34 049
Leidulf Gloppestad, 977 86 989
Roger Aa Djupvik, 918 27 841 

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 12.01.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering