Selje Frivilligsentral

logo_lokal_grønn.jpg - Klikk for stort bilete Det er no etablert ein kommunal frivilligsentral. 
Her kan du lese kva ein har gjort so langt og kva planane er vidare.  
 

Dugnad i sentrum.jpg - Klikk for stort bilete

Frivilligheita og dugnadsånda i kommune vår er kjent for å vere stor!!

Hadde det ikkje vore for alle lokale lag og organisasjonar, bygdelag og andre frivillige eldsjeler hadde vi ikkje hatt levande bygder, trivsel og utvikling!

Takket vere frivilligheita har vi blant anna:
-Idrettsanlegg for organisert og egen organisert idrett og aktivitet.
-Tilrettelagt uteområde for aktivitet og leik på skuleområda.
-Vedlikehald og aktivitet i  kultur/forsamlingshus rundt om i kommunen.
-Ulike møtestadar/klubbar for ungdom og andre.
-Korps, drill og kor og andre fritids/ aktivitets tilbod for både unge og eldre.
-Merka og rydda stiar og turløyper.
-Ryddige sand strender, luka bedd på sjukeheim, osv.

Frivilligheita gjer og har gjort ein ufatteleg viktig jobb og er ein stor verdi for lokalsamfunnet vårt.
Og behovet for denne innsatsen vil i alle fall ikkje bli mindre i tida framover.

No er det etablert ein Frivilligsentral i Selje kommune.
Selje frivilligsentral skal vere ein møteplass for alle, og ein ressurs for/av frivilligheit i lokalmiljøet.

Ta gjerne kontakt og sei di meining om korleis vi kan vere ein ressurs for akkurat ditt lag/org.
Ta og kontakt om du vil melde deg som frivillig og/eller melde inn behov.

Frivilligsentralen skal halde til i 1. etasje på kommunehuset.
I lag med bibliotek og turistinformasjonen. Lokalet er ikkje heilt klart endå.
Inn til vidare er dagleg leiar å treffe i 3. etasje på kommunehuset. Og på e-post og tlf.
Du finn kontaktinformasjon m.m på nettsida til Selje Frivilligsentral 

På denne nettsida har ein også ein kalender. Om du vil ha publisert eit aktivitetstilbod eller arragement der er det berre å sende inn til post@selje.frivilligsentral.no
 
Frivilligsentralen har også ei side på Facebook som du gjerne må gå inn å like:)

Det er sett saman eit interimstyret.
Styreleiar: Arne Helge Seljen, nestleiar Unni Eltvik Hovden, Dagleg leiar Maria Helgesen, Jan Vidar Smenes, Gunn Sande, Oddrun Hjelle, Åge Staarheim og Eli Eide Årevik.

Styret har laga retningslinjer som skal vedtakast av kommunestyret no i haust.
Når retningslinjene er godkjent vil desse bli lagt ut på heimesida.

Etter kvart vil ein få eit felles styre og retningslinjer  for Stad kommune med avdeling både i Selje og på Eid.
 

Frivilligsentralen er og skal vere ein møteplass for alle.

Velkomen skal du vere! Både med å  ta kontakt på tlf og/eller mail og på besøk.

 

Sist endra 03.09.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering