Selje kommune sin oppsumerering etter ekstremveret Tor

Barmen Naust 1.JPG - Klikk for stort bilete Ekstremveret Tor råka Selje kommune for fullt fredag kveld den 29. januar mellom klokka 1800 og 2000.
Mange vart hardt råka, men det er ikkje meldt om så omfattande skadar som det var etter "Nyttårsorkanen" eller "Dagmar"

Vervarslinga varsla uveret nokså presis tidsmessig og kommunen fordelte dei ressursane ein rådde over der dei kunne kome best til nytte.

Fylgjande tiltak vart sett i verk:
Skular og barnehagar vart stengde klokka 1100.
Dette for å sikre at alle ungar kom heim til føreldra før uveret slo til.
Det var lagt ut informasjon på heimesida og Facebook om naudkommunikasjon i tilfelle sambandsbrot
Denne informasjonen hadde nesten 5900 menneske sett.
Brann- og redningsvesenet var mobilsert for å rydde vegar og sikre naudkommunikasjon
Røde Kors, Hjelpekorpset var mobilisert for besøksteneste og naudkommunikasjon

I løpet av natta var kommunen sine ressursar involvert i desse sakene:
Straumbortfall ca klokka 1900
Rydding av vegen ved kyrkja etter naustet som bles ned
Rydde vegen Selje - Kjøde og Kjøde - Stadlandet for å sikre fri ambulanseveg ut av kommuna
Oppstart agregat på Stadladet og Flatraket eldretun for å sikre varme og lys i sentralbygga
Førebu overgang til bruk av satelittelefon dersom batterikapasiteten til nødnettet vart brukt opp
Kontakt med heimetenestene 
Straumen kom tilbake ca klokka 0130 med unntak av Nordpollen - Flister - Barmen og nokre einskildabonnentar

Laurdag den 30. om lag klokka 0800 var ein tilbake til normal drift

Publisert av Svein Barmen. Sist endra 03.02.2016
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering