Selje - vi trivast i utkanten

Flatraket - Klikk for stort bilete Det er ein draum å bu og arbeide på ein plass der andre berre har høve å reise på ferie.

Her er god plass til både utvandrarar og innvandrarar. Her er god plass til alle.

Her er mange nyetablerarar, -og nokon får det skikkeleg godt til.

Her er det godt å bu, og lett å etablere seg. Tala for næringslivsstatistikken for Selje kommune syner at i 2013- 14 hadde Selje 1.25 nyetableringar pr. 100 innbyggjarar, 5.plass på Nordvestlandet, berre slått av Ørskog, Ålesund, Ulstein og Stranda.

Kommunen har godt etablerte bedrifter som konkurrerer godt både nasjonalt og internasjonalt på trass av krevjande kommunikasjonar og geografi. Her blir bygd båtar, utvikla kommunikasjonsutstyr, produsert uniformer og drive avansert fiskeri. Kommunen har også godt etablerte bedrifter innan service, turisme, bygg og anlegg.


Den reelle verdien i næringslivet er menneska som kan noko. Vi treng menneske med nye idear og menneske som kan utvike etablerte bedriftene.


Her er plass til både utvandrarar og innvandrarar. Vi ynskjer at eigne ungdomar som har vore ute, kjem heim, men vi ynskjer også nyinnflyttarar. Her er god plass til alle.


Selje kan by på alt det som byen ikkje har: Eit liv tett på elementa, kort veg til utandørs aktivitetar og oversiktlege nabolag.


Ledige stillingar:     

  • Rektor på Stadlandet skule (barne og ungdomsskule)
  • Fagarbeidar ved kommunalteknikk.
  • Vikariat - styrar Leikvang barnehage på Stadlandet 15.03.15-15.03.16
  • Styrar Selje barnehage 100% fast stilling frå 01.08.15
  • Vikariat - helsesekretær ved Selje legekontor frå 01.04.15 (første omg.ut 2015).  
  • Sjukepleiarar 100% stilling - (fleire stillingar). (kjem)                                     

 

(Sjå fullstendig utlysning, søknadene sendes elektronisk.)

 

Bustadtomter:  Tilgangen på attraktive bustadtomter er god i stort sett heile kommunen
• Kontaktperson: servicekontoret eller direkte til ordførar   

Stad skipstunnel skal byggast og den nye filmen syner moglegheitene skipstunnelen kan skape for regioner rundt Stad.

Kloster- og pilegrimssenter: i 2013 vart det reist ei statue av Sankta Sunniva på torget i Selje. No pågår det eit arbeid med å etablere eit kloster- og pilegrimssenter med lokalisering i det gamle kommunehuset.   

Du finn oss også på facebook og #seljekommune.

Publisert av Wenche Berget. Sist endra 24.02.2015
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering