Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Bustøtte

Husbanken.png - Klikk for stort bilete På denne sida finn du informasjon om bustøtte / bostøtte. Her er direkte link til søknadsskjema og oversikt over diverse kriterer for å søkje, reglar og lovverk. Kommunen kan hjelpe og rettleiie deg med søknaden.

Kva er bustøtte?
Bustøtte er ei behovsprøvd statleg stønadsordning for dei som har låg inntekt og høge bukostnader.
Husbanken og kommunen samarbeider om bustøtteordninga. Husbanken fattar vedtak, men det er kommunen som behandlar søknaden og har all kontakt med deg som søkjar.
 

Kor er bustøttekontoret i kommunen?
Karin Sandvik Stave er kontaktperson for bustøtte i Selje kommune.
979 90 441 / karin.sandvik.stave@selje.kommune.no
Karin har kontor i 3. etasje på kommunehuset, 6740 Selje

 

Sjekk om du kan få bustøtte
På Husbanken sine nettsider kan du sjå kven som kan få bustøtte, kva slag krav som gjeld for bustaden og kva for inntektsgrenser som gjeld. Du kan og prøve bustøttekalkulatoren.

Søk bustøtte
Søknadsfristen for bustøtte er den 25. kvar månad. Utbetaling skjer ca. den 20. i påfølgjande månad. Dersom du får godkjent bustøtte, blir søknaden din overført til neste månad. Får du avslag fordi du har høg inntekt ein månad, blir søknaden din automatisk overført til neste månad.

Meld frå om endringar
Du har plikt til å melde frå dersom det er endringar i nokon av opplysningane du har gitt i søknaden. Sjekk alltid at det er brukt riktige opplysningar i vedtaket du får.

Klage på vedtak om bustøtte
Dersom du meiner noko er feil i vedtaket, kan du klage innan 3 veker etter du fekk vedtaket.  

Meir informasjon
Du finn meir informasjon om bustøtte på husbanken.no. Du kan og ta kontakt med kommunen for å få hjelp og rettleiing.

Regelverk
• Lov om bustøtte
• Forskrift om bustøtte

Sist endra 22.10.2018

Skjemakategoriar

1. Barn og familie 5. Skjema helse og omsorgstenester
2. Søk på stilling 6. Skjema kultur
3. Skjema - landbruk 7. Sals- og skjenkeløyve
4. Skjema - tekniske tenester 8. Eksterne blankettarkiv

Logg inn


     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering