Skal du brenne jonsokbål?

bål.jpg - Klikk for stort bilete

Det generelle regelverket som seier at det er tillat å gjere opp eld der det openbart ikkje kan føre til brann gjeld. Dette kan være i strandkanten eller liknande. Vi ynskjer likevel at det vert gitt melding til Alarmsentralen om kvar det vert tent bål for å redusere sjansen for nødvendige utrykkingar, dette gjer du ved å fylle ut følgande skjema: https://www.alarmsentralen.com/meldingar/melding-om-brenning , eller ringe dei på 57 75 14 00. Dette er særskilt viktig i områder der ein lett kan misstolke bål eller røyk til å være ein reell brann. Dette gjeld både i Selje og Eid kommune.
 

Det vil ikkje bli gitt tilbakemelding på desse skjema, heller ikkje på om det er «openbart ikkje fare for brann/spreiing» eller ikkje. Den som tenner bålet står ansvarlig for dei vurderingane som vert gjort.

Før bål vert  tent må ein tenkje på fyljande:
• Plassering må være etter §3 i forskrift om brannforebygging: openbart ikkje fare for brann. sjå: https://www.dsb.no/lover/brannvern-brannvesen-nodnett/veiledning-til-forskrift/veiledning-til-forskrift-om-brannforebygging/#innledende-bestemmelser
• Den som tenner bålet har det totale ansvaret for bål brenninga, og skal ha grunneigar sitt løyve.
• Sløkkemiddel som vass-slange/bøtte bør være klargjort i nærleik av bålet.
• Vindretning og styrke må vurderast.
• Ha god avstand til bygningar, vegetasjon og anna som kan ta fyr.
• Ikkje bygg bålet for stort.
• Miljøfarlige og forureina material er det ikkje tillat å brenne, kunn reint treverk.
• Sørg for at barn held avstand, - kle dei gjerne i naturstoff som bomull og ull. Kunststoffer er lett antenneleg og smeltar ved sterk strålevarme.
• Bålplassen må ikkje forlatast før bålet er fullstendig sløkt.
• Kjem bålet ut av kontroll ring straks brannvesenet på telefon 1-1-0!
• Lokale forskrifter om brenning i den enkelte kommune må likevel fyljast, lokale forbodssoner må respekterast. Dette gjeld i nokre sentrumsområder og tettbygde strøk. Sjå kommunane sine heimesider om lokalt gjeldande forskrifter.L

ykke til med feireinga, og god sommar til alle!

Brannsjefen.

 

Sist endra 19.06.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering