Skal jobbe med utvikling av Selje

Sara Helen Haaland.jpg - Klikk for stort bilete

Sara Helen Haaland starta denne veka i den nye stillinga som samfunns- og næringsutviklar i Selje kommune.

- Forventninga til stillinga er å få ei god og berekraftig samfunnsutvikling som kan gagne lokalsamfunnet og næringslivet i positiv retning, seier Sara Helen Haaland.

Seljesamfunnet står ovanfor positive utfordringar i framtida med Stad skipstunnel og turismesatsing som to store prosjekt. Desse utfordringane ynskjer Selje kommune å vere i forkant med, og lyste derfor ut stillinga som samfunns- og næringsutviklar. Stillinga har ein sentral plass i plan, utvikling og næringsavdelinga, og har som hovudfokus å leggje til rette for næringsutvikling og samfunnsutvikling gjennom god dialog med lokalt næringsliv. I tillegg marknadsføre Selje som ein naturleg plass for ny aktivitet og gjere kommunen til ein attraktiv plass å busette seg.
 
Dette er omfattande oppgåver som krev eit utstrakt samarbeid mellom innbyggjarane, frivillige lag og organisasjonar, næringslivet og kommunen. Selje vil som kjent slå seg saman med Eid kommune og denne stillinga vil etter kvart og få fokus på heile Stad kommune.
 
Haaland som tok til i jobben denne veka har tidlegare yrkeserfaring som assisterande hotellsjef, resepsjonist, journalist og som militært befal i Forsvaret til NATO i Brussel. Sara Helen er gift med Tomas Haaland og har ein son, Ludvig på 2 år. Ho bur på Stave på Stadlandet, men har vekse opp i Remmedalen nær Nordfjordeid.
 
Kommunen ynskjer henne velkomen i fellesskapen i Selje og ser fram til spanande prosessar for å utvikle Seljesamfunnet inn i framtida i Stad kommune.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering