Skogdag 24. april 2019 - Selje kommune

skog.jpg - Klikk for stort bilete

Alle er hjarteleg velkomne til å delta på skogdag onsdag 24. april 2019,  kl. 16.00 på Otnes - Stadlandet. Skogdagen vert arrangert av Skogeigarsamvirket Vestskog, Selje kommune og Skogselskapet.
 
Vegskildring: køyr om lag 11 km på fylkesveg 620 frå Åheim mot Leikanger, eller 12 km på fylkesveg 618 frå Selje, så finn du oss på velteplassen ved taubane på Otnes. Gratis parkering på staden.

 

Program:

  • 16.00-16.15 - Oppmøte og presentasjon av deltakarar frå Vestskog, Fylkesmannen, Skogselskapet, entreprenør T. Frivik og kommunen
  • 16.15-17.30 - Vi startar med synfaring og orienteringar om taubane drifta på Otnes. Entreprenør Torbjørn Frivik vil presentere taubane og fortelje om drifta.
  • 17.30-17.45 - Vi flyttar oss til Furebuda på Leikanger der vi vil orientere litt om:
  1. Praktiske ting rundt skogsdrift
  2. Litt om økonomi
  3. Litt om regelverk
  4. Litt om skogbruksplanenn.
  5. Vi ser på moglegheita for dei som har skog, dei som vil satse på skog, og dei som vil bli av med skog.

 

  • 18.30 - Lett servering
  • 19.00-20.00 - Tid for spørsmål og diskusjon
  • 20.00 - Avslutning –  Heimreise

Påmelding er ikkje nødvendig.

Om spørsmål til arrangementet: ta kontakt med Stanislawa Voldsund 476 90 418 / stanislawa.voldsund@eid.kommune.no

Sist endra 17.04.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering