Søkje om spelemidlar? Frist 01.11.19

annonse spelemidlar 2020.jpg - Klikk for stort bilete Har laget eller organisasjonen din tenkt å søkje om spelemidlar?

Frist 01.11.19


1. Send inn søknad om spelemidlar
2. Innspel til handlingsprogrammet

Under finn de viktig informasjon om spelemiddelsøknad og handlingsprogram i plan for idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet.


1. Spelemiddelsøknad 2020

Søknadsskjemaet er opna - Søknadsfristen er 1.november 2019.


Eid kommune og Selje kommune

Søknadar skal sendast inn til den kommunen idrettsanlegget ligg i, og blir automatisk flytta over til Stad kommune 01.01.2020.

Bryggja (grensejusteringsområdet)

Søknadar skal sendast inn til Eid kommune. Vi har starta å overføre anlegg frå Vågsøy kommune til Eid kommune i anleggsregisteret. Det vil ta noko tid og det er derfor best om du, som skal sende inn søknad frå dette området, tar kontakt med underteikna før du sende inn søknad.

 
Søknaden skal sendast inn elektronisk via nettsida www.anleggsregistert.no.

Du vil her finne informasjon om blant anna:

  • vilkår og krav
  • søknadsprosess
  • dokumentasjonskrav
  • hjelp til utfylling

Søknadsskjema er elektronisk og du må nytte din personlege BankID for pålogging. Trykk på «Logg på Skjema» på denne sida for å logge inn på søknadsskjema.

 
Anleggsnummer

Anlegget må være registrert i Anleggsregisteret av kommunen. Den enkelte organisasjon må ta kontakt med kommunen for å få anlegget oppført i registeret. Dersom korrekt organisasjon er kopla til korrekt anlegg av kommunen i Anleggsregisteret, vil søker få opp en liste over sine anlegg ved utfylling av søknaden.

Er det nytt anlegg må de sende informasjon om anlegget/prosjektet og be om anleggsnummer til e-post: anna.karete.bjorlo@eid.kommune.no

 
Hadde du godkjent søknad men ikkje tildeling sist? Husk at du må fornye søknaden. Husk å legge inn eventuelle endringar i prosjeket.

Dersom det var du som fylte ut søknaden i fjor: Du vil få opp forslag om å fornye/gjenta søknaden i vindauget som kjem opp etter pålogging til søknadsskjemaet.

Dersom nokon andre fylte ut søknaden for din organisasjon i fjor: Du må ha referansenummeret på den tidlegare innsendte søknaden, og organisasjonsnummeret til organisasjonen du fyller ut søknad for. Etter pålogging på skjemaet vel du linken "Andre søknader til gjentakelse/fornying" nederst i vinduet som kommer opp. Her skriv du inn referansenummeret og organisasjonsnummeret.

 Her finn du føresegner for tilskot

Her finn du oppsummering av endringar samalikna med 2018

 
2. Innspel til handlingsprogrammet

Fristen for å sende innspel til handlingsprogrammet er 01.november 2019.

For å kunne søkje om spelemidlar er det eit vilkår at anlegget/prosjektet ligge i handlingsprogrammet i  ein kommunal plan. Kvart år blir handlingsprogrammet rullert. Eid kommune, Selje kommune skal slåast saman til Stad kommune frå 01.01.20. I tillegg skal Byggja vere med i den nye kommunen. Stad kommune skal ha ein plan som omhandlar idrett, friluftsliv og fysisk aktivitet, der handlingsprogram er ein del av denne planen. Vi skal derfor slå saman Eid og Selje sine handlingsprogram, samt ta inn anlegg knytt til Bryggja.

 
Kva betyr rullering av handlingsprogrammet?

Handlingsprogrammet gjev ei oversikt over kva anlegg som det er planlagt å søkje spelemidlar for, og det er også eit vilkår for å kunne søkje spelemidlar at anlegget ligg inne i handlingsprogrammet. Det er anleggseigar sjølv som spelar inn anlegget. Handlingsprogrammet synleggjer elles behov av anlegg som kan løyse ut spelemidlar.

 
I denne rulleringa kan kommunen vedta å ta inn i handlingsprogrammet:

  • Alle typar anlegg (ordinære anlegg og nærmiljøanlegg)
  • Tiltak frå langtidsprogrammet i kommunedelplanen
  • Tiltak som allereie ligg i vedteken handlingsprogram for 2018-2021 blir vidareført om det ikkje er sendt inn melding om endring.


Alle lag og organisasjonar må sjå gjennom tidlegare vedteke handlingprogram for å vurdere om sine anlegg/prosjekt framleis er aktuelle?

Er det ikkje konkrete planar om det aktuelle anlegget/prosjektet i løpet av dei neste 4 år, må du sende inn informasjon om dette.

Dei anlegg/prosjekt som fekk tildeling av tilskot i 2019 ligg i desse handlingsprogramma, men blir tatt ut av programmet i arbeidet fram mot nytt handlingsprogram.

Frist for innspel til handlingsprogrammet er sett til: 1. november 2019

Skriftleg innspel sendast til:

Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid,

Eller e-post: post@eid.kommune.no


Har du spørsmål når det gjeld spelemiddelsøknad eller innspel til handlingsprogrammet ta kontakt på e-post:

anna.karete.bjorlo@eid.kommune.no

Sist endra 25.10.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering