Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Søknadsfrist for spelemiddelsøknad

basket.png - Klikk for stort bilete Søknadsfristen i Selje kommune er 15. november 2017. 
Fullstendig spelemiddelsøknad med alle naudsynte vedlegg skal vere innsendt via

www.idrettsanlegg.no til kommunen innan 15. november.  
I år er det nye søknadskjema, som opnar 1. oktober. Ta kontakt om du treng hjelp.

Kva kan du søkje spelemidlar til?
Ballbingar, rulleskibaner, klatreanlegg, skateparkanlegg, fotball og fritidsanlegg, idrettshallar, turløype og mykje meir.

Det er forskjellige stadar ein søkjer til, ulike fristar og rett og slett ein del å sette seg inn i. Men spelemidlar gir moglegheit for å realisere planar eller draumar. Det første ein bør gjere er å lese denne artikkelen og sjå i føresegner om tilskot.  EIn kan starte med vedlegga som skal på plass. Sjølve søknadsskjema opnar 1. oktober.


Ta kontakt med kommunen om spørsmål og/eller registrering av prosjekt (oppretting av anleggstad og eining). For at ein spelemiddelsøknad kan fremjast er det eit vilkår at anlegget er innarbeidd i kommuneplanen for fysisk aktivitet (link til planen kjem snart).

Dersom anlegget de skal søkje midlar til, ikkje er registrert tidlegare, må søkjar ta kontakt med underteikna som då opprettar anleggstad og anleggseining.

Søknadsgrupper:

  • Ordinære anlegg – anlegg for organisert idrett og fysisk aktivitet
    Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av idrettsanlegg som er ope
    for allmenn idrettsleg verksemd (idrett og fysisk aktivitet for alle).
  • Nærmiljøanlegg
    Anlegg eller områder for eigenorganisert fysisk aktivitet, hovudsakeleg i tilknyting til bu - og/eller opphaldsområde. Med nærmiljøanlegg er meint berre utandørs anlegg.
  • Løypetiltak i fjellet og overnattingshytter i fjellet, ved kysten og i låglandet
    Frist 1. november 2017. Søknadar her behandlast av DNT. Sjå eigne føresegner.

Til orientering: Ny ordning/ prøveordning (3 år) : Midlar til nyskapande aktivitetsarenaer
Ein kan og søkje om seplemidlar til kulturbygg.
Lokal frist blir i mars/april. Meir info kjem.

Søknadsprosedyre:
Den som skal søkje om spelemidlar bør rekne god tid til å sette seg inn i bruken av elektroniske søknadsskjema og føresegnene om tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet.
Når søknaden er ferdig utfylt og alle vedlegg som er kravd er lagt inn, klikkar ein på
- Send søknad - Søknaden vert då sendt automatisk til Selje kommune.

Er det manglar ved søknaden blir søkjar kontakta.
Dersom det er store manglar som ikkje let seg ordne innan fristen, tilrår kommunen søkjaren om å ikkje søkje

Tips: Ein bør ha klar alle vedlegga før ein startar på sjølve søknadsskjema.


Kontaktperson i Selje kommune: Maria Helgesen - maria.helgesen@selje.kommune.no - Tlf.: 95869223

Kulturdepartementet

Publisert av Maria Helgesen. Sist endra 14.11.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering