Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Sporfilmar til radonmåling


Folkehelseavdelinga, det interkommunale samarbeidet som Selje er med i, har forhandla fram innkjøpsavtale med Radonlab om kjøp av sporfilm for radonmåling.

Folkehelseavdelinga har registrert at ulike firma som sel sporfilmar no er  aktive og reklamerer for sal av sporfilmar, men då til ein mykje høgare pris.
Folkehelseavdelinga har framforhandla ei god avtale med Radonlab der ein får god pris per sporfilm, både til privatpersonar og organisasjonar /bedrifter. Resultat av målingane kan i tillegg koplast til dykkar kart/kartportalar. Det skjer via kopling mot gards- og bruksnummer som ein informerer om  når ein sender sporfilmane til analyse. På denne måten får de òg skaffa dykk ei geografisk oversikt over kor det kan vere radonutfordringar i dykkar kommune.

Det vert tilrådd å måle minst to månader i vinterhalvåret, ifølgje leiar for Folkehelseavdelinga Elisabeth Solheim.

 Slik kan du få målt radon.

     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering