Språkkafé og frivilligtreff på biblioteket

Kurs - Klikk for stort bilete Fredag 4. oktober kl 16.30 - 18.30 ynskjer vi vel møtt til Språkkafé og frivilligtreff på biblioteket i Selje.
Vi vil skape ein møtestad der vi hyggjer oss i lag, praktiserar norsk, og skapar fellesskap.
Denne ettermiddagen vert det orientering om nye Selje frivilligsentral, og vi kan utveksle idéar om korleis, og om kva kvar einskild av oss kan bidra med i frivillig arbeid.

Det vert sjølvsagt servering av kaffi/te/saft og noko attåt.

Arrangementet er eit samarbeid mellom Selje folkeboksamling og Selje frivilligsentral.

Sist endra 02.10.2019
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering