Stadanalyse for Leikanger

Leikanger.jpg - Klikk for stort bilete Martin Hamre Etter oppdrag for Selje kommune, utarbeider Nordplan i desse dagar ein stadanalyse for Leikanger. I arbeidet ønskjer Nordplan informasjon, innspel og forslag frå innbyggarane. 
 

Analysearbeidet skal nyttast som grunnlag for ein ny sentrumsplan for Korsen med fastsetting av sentrumssone. Ein må sjå den nye sentrumssona i forhold til samanbindingsliner til skule, barnehage, idrettsanlegg/Blikkneset m.m.

Vi er særleg interessert i tilbakemelding om følgjande:

  • Kvifor bu på Stad (Leikanger) – identitet og kvalitetar ?
  • Kvar møtast folk ? (møtestadar både utomhus og inne)
  • Framtidsutsikter og -utfordringar som plass å bu, som næringsdrivande, og for turisten.
  • Belysning – behov t.d. gatelys
  • Trafikktilhøve - vegsystem, parkering, kollektivtilbod, gangvegsystem, tilgjenge i sentrum
  • Forslag til tiltak på kort og lang sikt.
     

Dersom du har spørsmål eller innspel til stadanalysen, kan du ta kontakt med;

Heidi Hansen, samfunnsplanleggar v/ Nordplan hh@nordplan.no tlf. 928 57 809
Gudveig Fure Oksholen, ingeniør v/ Nordplan gfo@nordplan.no tlf. 940 15 239
 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 06.11.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering