Status - breibandsutbygging i Selje

Fiberutbygging.png - Klikk for stort bilete Les her for ei oversikt av stateleg tilskot til utbygging av breiband i Selje kommune og planar for søknad 2019.

 

 

Djupedalen -  Rundereim

Selje kommune fekk statleg tilskot til breibandsutbygging Lesto – Salt - Rundereim.  Enivest fekk kontrakt på utbygging. Enivest har utvida prosjektet til Berge, Hamre, Djupedalen og Krakereid. Feltet inkluderer 279 husstander og har ein oppsluttnad på 48% per skrivande stund. Kontrakta med Selje kommune føreset ferdigstilling av kundeinstallasjoner 31. oktober 2018.  Enivest viser til nettsida https://www.enivest.no/moldefjorden, der kundane får oppdatert informasjonen om framdrifta.

Årvik /Honningsvåg  og Dalskaret – Ervik

Enivest har tidlegare fått kontrakt på Årvik /Honningsvåg. Enivest har og vunne anbodet og fått kontrakt på Dalskaret – Ervik. Begge prosjekta vert bygt samtidig og vi har avtale om ferdigstilling innan 31. oktober 2019. Enivest startar prosjektering rett over ferien 2018. 

Ny søknad  2018

Selje kommune har søkt om statleg og fylkeskommunalt tilskot til prosjekt Nordpoll- Flister, inkl. Venøy og Barmøy, Liset  og eit område frå Fløde til Otneim. Dei statlege krava for å få tilskot i 2018 er at kapasiteten i dag er mindre enn 10 Mbit/s. Alle dei omsøkte områda tifredsstiller kriteria for tilskot. Fylkeskommunen - Hovudutvalet for næring og kultur gjorde vedtak 30. mai om 1,4 mill i tilskot. Vedtaka skal til Nasjonal  kommunikasjonsmyndighet for godkjenning, og prosjekta kan då lysast ut på anbod i haust.

Leikanger

Leikanger sin kapasitet i dag er over grensa for tilskot, men Telenor planlegg fiberutbygging på kommersiell basis og hadde ein salskampanje her i vinter.

Søknader i 2019

Vi har fått opplyst at neste søknadsrunder er rett over nyttår. Det vert då søkt om tilskot til dei områda som står att i kommunen  og kjem inn under gjeldane kriteria for støtte. Kommunen vil samtidig vere i dialog med aktuelle leverandørar om kommesiell utbygging på plassar som har kapasitet over kriterigrense, men likevel  ikkje har fiber.
  

 

 

Publisert av Kristine Leivdal Leikanger. Sist endra 06.06.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering