Småikon skriver str kart Utskriftsvennleg versjonStørre skriftNettstadkart

Status på breiband i kommunen

kabel.jpg - Klikk for stort bilete

I 2014 etablerte staten ei ny tilskotsordning for breibandsutbygging, administrert gjennom Nkom (Norsk kommunikasjonsmyndighet) og Fylkeskommunen. Ordninga skal medverke til å sikre eit godt breibandtilbod til områder det ikkje er lønsamt å byggje ut på kommersielle vilkår.  

Nesten heile Selje kommune er i den katogori at kommeriselle aktørar som Telenor, Enivest, m.fl., ikkje finn det økonomisk forsvarleg å bygge fiber utan tilskot. Dette medfører at store delar av kommunen i dag må nytte koparnettet, dvs.det ”gamle” telefonnettet (ADSL/VDSL) med kablar til kvart einskild hus. 

Les heile notatet om status på breiband per september 2017. (PDF, 229 kB)  

Område med fiber i dag: Borgundvåg, Flatraket og delar av Selje sentrum.

Område der det er planlagt oppstart, etter at tilskot er kome på plass i 2016/2017: Lesto - Salt, Årvika/Honningsvåg, Dalskaret (Leikanger) - Ervik

Område som det vil bli søkt om tilskot til: Nordpollen, Venøy, Barmøy - til Rundereim, Selje - Liset - Skårbø, Kjøde - Sande, Drage - Hoddevik - Fure, Eltvik. 

Sist endra 09.10.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering