STENGT BIBLIOTEK

Bøker - Klikk for stort bilete BIBLIOTEKET I SELJE er for tida stengt grunna flyttesjau til sentrum og Kommunehuset 1. etasje. Biblioteket skal der samlokalisere seg med publikumsmottak, frivilligsentral og turistinformasjon.
Målet er nyopning i byrjinga av/medio desember.
På "gamle" biblioteket vert det no sortert, rydda og pakka, men ta gjerne kontakt om det er ei spesiell bok du skulle hatt tak i - eller om det er andre spørsmål. Hugs at med Nasjonalt lånekort kan du låne i alle biblioteka i heile landet, og at alt lånt materiale, frå både her og der, kan leverast tilbake i bokhuset ved inngangsdøra i Selje.
Biblioteka på Stadlandet og Flatraket er og opne som vanleg.

Følg oss gjerne på facebook.com/Selje folkeboksamling og på Kommunen sin heimeside/Biblioteket.
 

Sist endra 14.11.2019
Stad kommune
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering