Strandanipatunnelen - arbeidet er sett i gang

Det skal byggjast tunnel ved Kleiva forbi den mest skredutsette strekninga mellom Halsen og Gatteneset. Det er også regulert eit massedeponi ved Teigane for bruk og plassering av overskot av massar.


Vegarbeidet på strekninga starta hausten 2017, og det er Lemminkäinen Norge AS som står for bygginga.
På grunn av kvalitetane knytte til naturtypar og landskap vart tiltaka i reguleringsplanen konsekvensutgreidd. Forslag til reguleringsplan hadde to alternative plasseringar for tunnelpåhogg ved Gatteneset. Ved Halsen var det eit alternativ. Det ga to alternative tunnellinjer. Alternativ 1 med kortast tunnel er vedteke.


Les meir om vegprosjektet på lenkene under: 

Fv. 633 Kleiva
Nyhendearkiv hos vegvesenet
Kontaktinformasjon

Publisert av Janne Weltzien Listhaug. Sist endra 21.11.2017
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering