Ta del i utvikling av bygda di!

Stad2020.png - Klikk for stort bilete

Stad skal vere eit attraktivt bu- og arbeidsområde med gode, livskraftige stadar for folk å bu. Vi ønsker å byggje levande og berekraftige stadar i heile kommunen. - No treng vi ditt engasjement og dine innspel for å leggje ein god plan for arbeidet.

Jakta på folkeviljen.jpg - Klikk for stort bilete I oktober startar vi “jakta på folkeviljen” og inviterer til ope folkemøte for å få dine synspunkt og tankar om framtida for di bygd. Møta er også for dei som bur i kringliggjande bygder.

 

 

Vi ønskjer dine svar på:

  • Kva er viktigaste kvalitetane ved staden? 
  • Kva er dei største utfordringane?
  • Kva rolle og funksjon kan staden ha i nye Stad kommune?
  • Korleis utvikle staden vidare?

 

Bakgrunn for prosjektet:

Fellesnemnda for Stad kommune har vedteke å starte eit stadsutviklingsprosjekt og eit prosjekt knytt til utarbeiding av ein reiselivsstrategi. Prosessane vil derfor gå parallelt, med felles styrings- og prosjektgruppe.

Kunnskapsgrunnlaget som blir arbeidd fram i samband med stadsutviklingsprosjektet skal nyttast inn i arbeidet med reiselivsstrategien og i vidare arbeid med utvikling av stadane.

Leikanger 18.oktober kl. 18.30 (PDF, 253 kB)

Selje 24. oktober kl. 16.00 (PDF, 253 kB)

Flatraket 24.oktober kl. 19.30 (PDF, 253 kB)

Bryggja 25.oktober kl. 18.00 (PDF, 253 kB)

 

Velkomen til møte! - Håper du er med.

Publisert av Belinda Fure. Sist endra 15.10.2018
     
Validator
Levert av ACOS AS
Login for redigering